Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Ønsker du å jobbe med finans og kapital i ein framtidsretta bank?

Trainee: Finans

Bank

Ønsker du å jobbe med finans og kapital i ein framtidsretta bank? Med kort veg til avgjersler, kollegaer som vil hjelpe deg med å lykkast og rom til å være deg sjølv? Då har vi jobben for deg.

 

Arbeidsoppgåver:

Som trainee innanfor finans- og kapitalmarknadsområdet får du mellom anna jobbe med verdivurdering og risikostyring innanfor finans- og kapitalmarknadsområdet i banken, jobbe opp mot næringslivet i Sogn og Fjordane med tanke på valuta- og rentesikring, samt moglegheit til å jobbe med utarbeiding av investorpresentasjonar og marknadskommunikasjon innanfor finansområdet. 

Kven er du?

Du ønskjer å jobbe innanfor finans- og kapitalmarknadsområdet, og har master i finans eller industriell økonomi eller liknande spissa utdanning.Du er analytisk og ønskjer å nyttiggjere dei kvalitative eigenskapane du har opparbeidd i studiane dine til å utvikle modellar for beslutningsstøtte og rapportering innanfor det finansielle fagfeltet. Felles kvalifikasjonskrav for alle traineear i Framtidsfylket er minimum bachelor eller mastergrad, maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studie, samt norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg.

Som arbeidsgjevar tar vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Som trainee i Framtidsfylket får du mellom anna eit nettverk med andre traineear i Vestland fylke, eit spennande år med fagleg og personleg utvikling og innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region.

Vi håpar å høyre frå deg!

For meir informasjon om stillinga kontakt direktør økonomi og finans, Frode Vasseth på tlf. 951 98 452.

Arbeidsstad: Førde.


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.


Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.