• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6865, Sogndal
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4958354
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du jobbe med elkraft og digitalisering i Sygnir?

Trainee: Elkraft og digitalisering

Nettselskaper (kraftnett)

Som trainee i Sygnir kan vi gje deg ei spennande stilling på ein arbeidsplass som er viktig for det grøne skiftet, samtidig som den er ein viktig regional drivkraft i Sogn. 

 

Sygnir AS er det nye nettselskapet i Sogn og ein del av Sognekraft-konsernet. Saman med konsernet og dei tilhøyrande dotterselskapa ynskjer Sygnir å auke satsinga innan digitalisering. Satsinga har allereie starta og eit døme på dette er at me i konsesjonsområdet vårt har bygd Norges mest omfattande LoRaWAN-nettverk. Dette legg til rette for ei datainnsamling som berre fantasien set grenser for, og utover dette har me tilgang til ei rekke datakjelder frå t.d. AMS, driftskontrollsystem, digitale verktøy m.m.

No handlar det om å bruke desse datakjeldene, gjere data tilgjengeleg for brukarane og ikkje minst effektivisere og automatisere prosessar. Vidare er me i startfasen av proaktiv feilhandtering, eksempel på dette er at me finn feil før kunden sjølv finn og opplev feilen.

Som eit naturleg ledd i dette arbeidet – så jobbar me med å fornye og kjøpe inn nye digitale verktøy. Spennvidda her er stor og gjeld alt i frå tradisjonell og proprietær programvare - heilt til frie program som t.d. Phyton.

Arbeidsoppgåver

For å utvikle gode løysningar innan digitalisering er det viktig at du lærer organisasjonen å kjenne. Difor vil du hospitere i ulike delar av nettselskapet for å bli kjent med arbeidsoppgåvene, prosessane og ikkje minst kollegaene og deira sine behov. Parallelt vil du jobbe tverrfagleg både internt i Sygnir og saman med Sognekraft-konsernet for å løyse digitale utfordringar. Her snakkar me om anskaffingar av nye system, vidareutvikling av eksisterande system, integrasjonar samt bruk og analyse av data – med mål om å

  • effektivisere prosessar
  • predikere vedlikehald og investeringsbehov
  • proaktivt handtere feil i nettet
  • oppnå ein betre utnytting av nettet samtidig som ein legg til rette for ny produksjon og elektrifisering

Om deg

For å bidra optimalt bør du ha elektrokompetanse slik at du forstår straumnettet og elektrofagfolk, og kan dermed bidra inn mot eit tverrfagleg team beståande av t.d. kollegaer med IT kompetanse. Videre må du ha interesse innan datateknologi/databehandling/programvare/programmering anten sjølvlært eller med fordel gjennom utdanning.

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelor eller mastergrad innan elkraft/elektrofag
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter fullført studie (Felles krav til alle som søkjer Trainee via Framtidsfylket)
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg (Felles krav til alle som søkjer Trainee via Framtidsfylket)

Me tilbyr

  • Ei spennande stilling på ein arbeidsplass som er viktig for det grøne skiftet, samtidig som den er ein viktig regional drivkraft i Sogn.
  • Opplæring, kurs og stort potensiale for eigenutvikling.
  • Ein travel arbeidsplass med stor aktivitet, store satsingar og gode kollegaer i eit sosialt produktivt miljø.

Kontorstad på ein av våre lokasjonar i Sygnir.

Ta kontakt med seksjonsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 907 66 994 dersom du har spørsmål til stillinga. Me ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6865, Sogndal
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4958354
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023