Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
22.01.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
IT-drift og -supportUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
Krav til norskkunnskap: B1Adresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5989995Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Framtidsfylket AS
Ynskjer du å bidra til videre utvikling for grøn energi, berekraft og elektifisering?
BKK søker trainee: Digital utviklingIT-drift og -support
Vi treng deg som ynskjer å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering. Føresetnaden for dette er tilgang på straum, og det er Teknologi og Utvikling som har ansvaret for å forvalte og utvikle system og tenester i den digitale infrastrukturen i selskapet.
BKK AS sørger for at du kan lade dine digitale einingar heime, og at du har lys i lampa. Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg og leverer straum, drifter og utviklar straumnettettil kundar på Vestlandet. Vi er i starten av ei spennande reise, der vi skal løfte oss som selskap ved å ta i bruk data på heilt nye måtar.
Traineestillingane vil inngå i eininga Teknologi og Utvikling i BKK AS. Vi er ei eining som driv selskapets utvikling vidare innan datautnytting og digitalisering. I vårt fagmiljø er det heilt sentralt å levere stabile tenester som sikrar god dataflyt og riktige avgjersler.Vi tilbyr spennande oppgåver innan dataanalyse, sikkerheit, integrasjonsarbeid, programmering, statistikk, systemforvaltning og digitalisering. Eksempel på nokre av teknologiane vi jobbar med er: Azure, Microsoft Dynamics, Microsoft Power Platform, Python, C# og Github. Teknologi og Utvikling er lokalisert i Førde og Bergen.
Kvifor bør du velje oss?
- Du vert ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø som jobbar med dei nyaste teknologiane og verktøya som gir fart, læring og konkurranseevne for selskapet.
- Som trainee i Teknologi og Utvikling vil du være med på å bygge framtidas elektriske, digitale og berekraftige løysingar.
- Konkurransedyktige velferdsordningar og et bredt aktivitetstilbod i konsernet
- Du vert ein del av Eviny-konsernet med fagleg og sosial bredde.
- Vi har eit ungt arbeidsmiljø med mange nyansatte dei siste åra, og ulike aktiviteter og samlinger gjennom året er med på å skape et godt arbeidsmiljø.
- Du vil ha moglegheit til å bli vurdert for fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode.
Kven er du som søker?
- Du er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar
- Du er lærevillig og setter seg raskt inn i nye verktøy og problemstillingar
- Du likar å jobbe tverrfagleg, er opptatt av å sjå resultat og tar initiativ.
- Du evnar å sjå det store bildet og konsekvensane av endring
- Du ynskjer å ta del i vår digitale reise
Traineekvardagn i BKK AS
Du vil være med på å bygge opp og utvikle kompetansegrupper innanfor digitalisering, og du vil jobbe i eit tverrfagleg team som jobbar med utvikling av system og digitale verktøy. Vi skal saman jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystem, tileigne oss erfaring med analyse, samt predikere data til forbetring av dagleg drift. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot en bransje og ein marknad i sterk utvikling.
Du vil få kontorplass i BKK AS sine lokale i Energihuset i Førde.
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Spørsmål? Ring seksjonsleiar Tony Kiil, tlf. 91727185 for ein hyggeleg prat. Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
22.01.2025Stillingsfunksjon
TraineeHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
TraineeBransje
IT-drift og -supportUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
Krav til norskkunnskap: B1Adresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5989995Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS