• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Utvikler
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4946094
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du drive utvikling innan grøn energi, berekraft og elektrifisering?

Trainee: Digital utvikling

Nettselskaper (kraftnett)

BKK AS er ein del av energi- og teknologikonsernet Eviny. Med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Førde vil selskapet styrke si satsing innan digitalisering. Vi søker difor traineear innan digital utvikling.

 

Vi treng deg som ynskjer å drive utviklinga vidare for grøn energi, berekraft og elektrifisering. Føresetnaden for dette er tilgang på straum, og det er Teknologi og Utvikling som har ansvaret for å forvalte og utvikle system og tenester i den digitale infrastrukturen i selskapet.
BKK AS sørger for at du kan lade dine digitale einingar heime, og at du har lys i lampa. Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg og leverer straum, drifter og utviklar straumnettet  til kundar på Vestlandet. Vi er i starten av ei spennande reise, der vi skal løfte oss som selskap ved å ta i bruk data på heilt nye måtar.
Traineestillingane vil inngå i enheten Teknologi og Utvikling i BKK AS. Vi er ei eining som driv selskapets utvikling vidare innan datautnytting og digitalisering. I vårt fagmiljø er det heilt sentralt å levere stabile tenester som sikrar god dataflyt og riktige avgjersler.  Vi tilbyr spennande oppgåver innan dataanalyse, integrasjonsarbeid, programmering, statistikk, teknologi, prosjektleiing, systemforvaltning og digitalisering. Teknologi og Utvikling er lokalisert i Førde og Bergen.

Kven er du som søker?
•    Du er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar
•    Du er lærevillig og setter seg raskt inn i nye verktøy og problemstillingar
•    Du likar å jobbe tverrfagleg, er opptatt av å sjå resultat og tar initiativ
•    Du evnar å sjå det store bildet og konsekvensane av endring
•    Du ynskjer å ta del i vår digitale reise

Kvifor bør du velje oss?
•    Du vert ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø som jobbar med dei nyaste teknologiane og verktøya som gir fart, læring og konkurranseevne for selskapet
•    Som trainee i Teknologi og Utvikling vil du være med på å bygge framtidas elektriske, digitale og berekraftige løysingar
•    Konkurransedyktige velferdsordningar og et bredt aktivitetstilbod i konsernet
•    Du vert ein del av Eviny-konsernet med fagleg og sosial bredde
•    Vi har eit ungt arbeidsmiljø med mange nyansatte dei siste åra, og ulike aktiviteter og samlinger gjennom året er med på å skape et godt arbeidsmiljø
•    Du vil ha moglegheit til å bli vurdert for fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode

Traineekvardagen i BKK AS
Du vil være med på å bygge opp og utvikle kompetansegrupper innanfor digitalisering, og du vil jobbe i eit tverrfagleg team som jobbar med utvikling av system og digitale verktøy. Vi skal saman jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystem, tileigne oss erfaring med analyse, samt predikere data til forbetring av dagleg drift. Du vil jobbe tett opp mot svært kompetente fagmiljø både internt i selskapet og eksternt mot en bransje og ein marknad i sterk utvikling.
Du vil få kontorplass i BKK AS sine lokale i Energihuset i Førde.

Som Framtidsfylket Trainee får du
•    Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland
•    Fagleg og personleg utvikling
•    Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region
•    Traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga

Felles krav til alle som søkjer stilling som Trainee
•    Minimum bachelor eller mastergrad
•    Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie

Spørsmål? Ring seksjonsleiar Tony Kiil, tlf. 91727185 for ein hyggeleg prat.

Vi gleder oss til å høyre frå deg!



 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Utvikler
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4946094
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 16.01.2023