Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Vil du vere med å løfte FjordKysten og Sunnfjord til det neste spanande reisemålet i Noreg?

Trainee: Digital forretningsutviklar

Reiseliv

Som digital forretningsutviklar vil du jobbe med å utvikle eksisterande og nye digitale plattformar og forretningsområder for Visit FjordKysten og Sunnfjord.

 

VisitFjordKysten og Sunnfjord er destinasjonsselskapet for reiselivsnæringa i kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn og Sunnfjord. Vi skal gjennom målretta marknadsføring skape reiselyst til FjordKysten og Sunnfjord som destinasjon. Vår hovudoppgåve er marknadsføring og sal, produktutvikling og kompetanseheving, og slik medverke til auka trafikk heile året, lokal verdiskaping og betre lønsemd og konkurranseevne for medlemsbedriftene.

Prinsippet om ei berekraftig utvikling skal veregjennomgåande for all aktivitet i verksemdavår og for destinasjonen. Vi har fokus på god samhandling, begeistring og engasjement, og formidlar ekte og særeigne opplevingar.

Er du vår nye trainee innan digital forretningsutvikling?

Som digital forretningsutviklar vil du jobbe saman med resten av teamet i selskapet, og i tett kontakt med våre medlemer, for å utvikle eksisterande digitale plattformar og forretningsområder. Du vil også jobbe med å utvikle nye tiltak som bidreg til digital innovasjon og utvikling for selskapet og medlemane våre.

Du er engasjert, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner, og blir motivert av å skape verdiar og resultat. Du har god oversikt over digitale løysingar. Om du i tillegg er glad i ekte natur- og kulturopplevingar og vil vere med på å løfte vår destinasjon til det neste spanande reisemålet i Noreg, då er du rett person for oss!

Få eit unikt år saman med oss i havgapet

Som trainee hos oss blir du del av eit team som brenn for å vise verda vår storslåtte natur, kulturopplevingar og levesett i ein hittil urørt del av Noregreiselivsmessig. Vi er eit lite team på 4 tilsette frå 2023, som jobbar tett på tvers innanfordei ulike områda av destinasjonsarbeidet og vektlegg tett kontakt med våre medlemer og samarbeidspartar.

Vi har ein desentralisert driftsmodell med kontor både i Solund, Dale, Førde og Florø, med samling inntil to dagar i veka på vårt hovudkontor i Florø. Vi vektlegg også felles samlingarutanfor kontoret, der vi kombinerer det å bli betre kjent med våre medlemer og lokale reisemål med interne workshops eller møter med samarbeidspartnarar. For å trivast hos oss må du altså evne både å jobbe sjølvstendig og i team. Du får også store moglegheiter til å sette ditt avtrykk på selskapet og destinasjonen si utvikling.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Marita Solheim på marita@fjordkysten.no eller tlf +47 97 78 46 18.


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.