• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Byggherre
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960047
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Vil du jobbe med fylkesvegane i tidlegare Sogn og Fjordane?

Trainee: Byggherre

Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater

Vestland Fylkeskommune søker ein motivert, sjølvstendig og fleksibel kollega med interesse for vegbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Som trainee vil du få bidra i prosjektprosessar innanfor bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar i Nordre del av Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane).

 

Avdeling for infrastruktur og veg (INV) skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn, og sterke by- og senterområde.

Vi skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa.

Vi skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

INV jobbar for framkome og trafikktryggleik for alle trafikantar på våre fylkesvegar.

Les meir om oss her: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Arbeidsoppgåver

Vi søker ein motivert, sjølvstendig og fleksibel kollega med interesse for vegbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet.

Som trainee vil du få bidra i prosjektprosessar innanfor bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar i Nordre del av Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane).

Nokre av arbeidsoppgåvene dine er å;

  • Vere ei støtte for prosjekt-, byggleiar og kontrollingeniør i ulike prosessar knytt til gjennomføring av eit prosjekt.
  • Sette seg inn i ulike kontraktar og følgje opp kvaliteten i desse prosjekta.

Vil du vite meir om stillinga er du velkommen til å ta kontakt med seksjonssjef Gunhild Vangsnes på telefon 95088609 eller på epost gunhild.vangsnes@vlfk.no.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein trainee med bachelorgrad eller teknisk fagskule, innan bygg og anleggs fag.
  • Sidan dette er ei trainee-stilling kan du maksimalt ha tre års arbeidserfaring etter avslutta utdanning. 
  • Det er viktig at du er ein god formidlar, både munnleg og skriftleg, og kan bruke digitale flater.

Personlege eigenskapar

  • Du trivs med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer og entreprenørar.
  • Vi ønsker oss ein kollega med høg etisk standardar og som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode.
  • Vi ønsker at du er initiativrik, har pågangsmot og gjennomføringskraft.

Vi tilbyr

  • Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling i et sterkt tverrfagleg miljø.
  • På avdelinga er vi opptekne å bistå kvarandre i det faglege. Du får eigen mentor.
  • Vi har engasjerte medarbeidarar som trivst saman på jobb, og opplever arbeidskvardagen som meiningsfull. Sjukefråværet på avdelinga er lågt.
  • Vi har fleksibel arbeidstid og arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff.
  • Fylkeskommunen er ei IA-verksemd og arbeida aktivt for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.
  • Løn etter avtale.

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.


Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.


Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2023
  • Stillingsfunksjon
    Byggherre
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Fylkeskommunale etater
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960047
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS