• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    IT
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Sogndal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3385825
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 04.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Digdir søker trainee: IT og utvikling

IT

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar og funksjonar, som mellom anna ID-porten og MinID, og koordinering og utvikling av interne og eksterne IT-system i dei andre fagavdelingane i direktoratet. Døme er nettsider som Digdir.no og Anskaffelser.no. Direktoratet er også tilsyn for universell utforming av ikt.

Digitaliseringsdirektoratet si avdeling i Leikanger har ansvar for forvalting og utvikling av dei nasjonale felleskomponentane, og no ser vi etter ein trainee innan IT.

I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø og utviklarane har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode mulegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive og hurtige leveransar. Vårt utviklingsmiljø har stor fagleg tyngde og spisskompetanse innen våre fagområde både nasjonalt og på europeisk nivå. Vi likar å vere best.

Våre tilsette er nysgjerrige og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer vi fleksibel arbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit
ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Di rolle som trainee

Du vil bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning, løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Di rolle i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskaper, interesserer og våre pågåande prosjekt.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2020 til august 2021.

Dine kvalifikasjonar

Det er viktig at du:

  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar
  • har kunnskap om systemutvikling i Java, gjerne Spring-rammeverket
  • har kunnskap om løysingsarkitektur
  • kjenner til smidige utviklingsprosessar
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • kan presentere teknologi og løysingar i forsamlingar, også til andre enn teknologar
    er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi kan tilby deg

  • løn i lønnsspennet kr 449 400 - kr 472 300 etter kvalifikasjonar
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • eit godt sosialt miljø med dedikterte kollegaar, treningsrom og høve til trening i arbeidstida
  • spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • fagleg og personleg utvikling
  • innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Kontakt

Jørn Stenehjem 91146279 jorn.stenehjem@digdir.no

Område: Sogndal kommune

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.


 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    IT
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Sogndal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3385825
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 04.03.2021