Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Montér Seimen AS

TØMRAR MED FAGBREV og BUTIKK- OG LAGERMEDARBEIDAR

Bygg og anlegg

Seimen AS er eit solid og ekspansivt byggmeisterfirma med base på Vossestrand. Her møter du fagfolk med røynsle og stoltheit for faget. Firmaet er totalleverandør av trelast og byggevarer. Her finn kundane det dei treng til alle byggjeprosjekt. Butikk frå 2019 som Montér Voss. I dag er me 40 tilsette.

Med vidare satsing og stadig aukande arbeidsmengd søkjer me etter fleire medarbeidarar.

Tømrar med fagbrev
Vår kompetanse er bygging og renovering av hus, hytter, næringsbygg og større leilegheitsbygg.

Butikk- og lagermedarbeidar
til den nye Montér-butikken på Vinje
• har utdanning og erfaring innanfor relevant fagområde
• har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
• har gode samarbeidsevner
• er ansvarsfulle og pålitelege
• er engasjerte og vande med å jobba på ein hektisk arbeidsplass
• er sjølvstendige
• har fagleg stoltheit og sans for nøyaktigheit
• er opptekne av ein ryddig og sikker arbeidsplass

Konkurransedyktig løn og vilkår etter kvalifikasjonar og avtale.

Søknadsfrist 15. november 2019

Ynskjer du meir opplysningar om stillinga, kontakt Eirik Draugsvoll Seim på tlf. 91 32 29 62 eller e-post: eirik@seimen.no

Send søknad til: Seimen AS, Draugsvollvegen 51, 5713 Vossestrand.
E-post: eirik@seimen.no