Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
SnarestAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5368082Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 22.09.2023
Kvam Herad i Brønnøysund
Tilkallingsvikarar barnehagane
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å vera med å skapa gode barndomsminne og livsglede for barnehagebarn i Kvam?
Barnehagane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar og me treng deg med på laget vårt. Registrer søknad og CV her ved å velja "Søk på stillinga". Ta kontakt med vikarkoordinator dersom du treng rettleiing.
Denne annonsa gjeld søknad om arbeid som vikar i barnehageåret 2023/2024. Søknadane vil verta behandla fortløpande og søkjarlista til stillingsannonsa vert nytta som vikarliste til barnehagane våre. Du vil bli kontakta av vikarkoordinator dersom du vekkjer vår interesse og me ser deg som ein aktuell vikar.
Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt.
Vil du vita meir om barnehagane i Kvam herad eller ynskjer å ta direkte kontakt med barnehagestyrar, sjå informasjon på https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/
Arbeidsoppgåver
- Yta omsorg, ha tilsyn og vera i leik med enkeltbarn og/eller barnegrupper
- Tilretteleggja for, leia og delta aktivt med barna i aktivitetar og rutinesituasjonar
- Vera ein god rollemodell
- Bidra til eit godt foreldresamarbeid
- Samarbeida med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Lyst og motivasjon for arbeid i barnehage
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Relevant utdanning og/eller praksis, som feks barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Gode norskkunnskapar; bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i lese-, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19,. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.
- Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Legg gjerne dette inn saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du er fleksibel og ansvarsfull
- Du møter barn, kollegaer og føresette på ein respektfull og inkluderande måte
- Du er leiken og likar å vera aktiv i samspel med barn
- Du trivst ute i alle årstider
Me tilbyr
- Ein interessant og utviklande jobb i godt og fagleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til å påverka eigen arbeidsdag
- Opplæring
- Flotte, nye lokale med fine uteområde og nærmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
SnarestAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5368082Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 22.09.2023