• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875105
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Tilkallingsvikarar barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Barnebo søker tilkallingsvikarar - barne- og ungdomsarbeidar/assistent.  Barnehagen tilbyr eit stort fagmiljø, kor utviklinga av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag.

Arbeidsoppgåver
Med utgangspunkt i Rammeplanen sine mål og verdiar, skal barne- og ungdomsarbeidar planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar saman med pedagogisk leiar og det øvrige personalet på avdelinga. Dette inneber å ivareta barna sine behov for omsorg, leik og å fremje læring og danning med utgangspunkt i det enkelte barnet og barnegruppa. Det er viktig å kunne omsette teoretisk kunnskap til praksis, å ha god relasjonskompetanse i møte med barn og foreldre og å kunne samarbeide godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar.

Krav til søkar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og/eller praksis frå arbeid i barnehage.
- Delta i leik, aktivitetar og læringssituasjonar med barna
- God kommunikasjon, dialog og samarbeid med barn, kollegaer og foreldre

Vi tilbyr
Stort og godt fagmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.  

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du
blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Kontaktperson
Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459. 
Sissel.garseth@aukra.kommune.no  

 

 

 

 



 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875105
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune