Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
31.12.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4832381Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 24.10.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Tilkallingsvikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune har 4 skulekrinsar, med 5 barnehagar. Det er i hovudsak barnehagane på Byrknes, Dalsøyra/Hovden og i Eivindvik som har behov for tilkallingsvikarar. Barnehagae er organisert saman med skule og SFO. Sjå www.byrknes.skule.no, www.dalsoyra.skule.no og www.eivindvik.skule.no for meir informasjon, bildete, årsplanar osv.
Vi har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere tilkallingsvikar ved eininga. Dette kan vere roppdrag når vårt faste personell har fråvær, ferie, ved ekstraordinære oppgåver og eventuelt anna fråvær. Dersom du ynskjer å vere disponibel som tilkallingsvikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei sliste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei ved konkrete vakter. Du kan også når som hels trekke deg frå liste over aktuelle tilkallingsvikarar.
Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider i barnehage må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart.
Dei som synast at dette verkar interessant kan enten sende inn ein enkel søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med styraren for den/dei barnehagen/-ane du ynskjer å vere tilkallingsvikar i.
Arbeidsoppgåver for tilkallingsvikar:
- Bistå det faste personellet i dagleg omsorg, oppfølging og aktivitetar for borna i barnehagen.
Kvalifikasjonar:
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Må vere fleksibel, trivast i samarbeid/samhandling med born.
- Kan bidra til eit godt og stabilt miljø for både born og vaksne
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
31.12.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4832381Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 24.10.2022