Detaljer
Bedrift
Eidfjord kommuneSøknadsfrist
07.02.2021Sted:
EIDFJORDStillingstype:
VikariatBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
ØnskeligArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
EIDFJORDLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3373571Se her for andre jobber fra Eidfjord kommune
TENESTETORGET
Eidfjord kommune har ledig 1 års vikarstilling for
møtesekretær/sakshandsamar i tenestetorget.
Om stillinga
Stillinga har hovudoppgåva som utvalssekretær for politiske utval/andre utval. Me har eigen møtemodul til dette, og opplæring vert gjeve.
Du vil også få oppgåver innan heile arbeidsfeltet til tenestetorget slik som; sentralbord, ekspedisjon, post/arkiv, røystemottakar, samt handsaming av sals- og skjenkeløyve.
Du vil inngå i teamet ved kontoret og saman med andre tilsette løysa dei oppgåvene som til ei kvar tid ligg til tenesta. Oppgåvene vert fordelt mellom medarbeidarane etter kompetanse.
Kvalifikasjonar
Me ynskjer at du
- har utdanning innan kontor og administrasjon
- har kunnskap om, og praksis frå offentleg verksemd
- er løysningsorientert, systematisk, stabil og fleksibel i høve til arbeidsoppgåver
- har gode evner til samarbeid og sjølvstendig arbeid, samt vera med å bidra til godt arbeidsmiljø
- er oppteken av å utvikle og effektivisera tenesta
- har gode datakunnskapar/IT-forståelse, samt god muntleg og skriftleg framstillingsevne. Me har nynorsk som vårt skriftspråk
- er utadvendt, og likar å ha kontakt med folk og elles ha eit godt humør
- personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
Løn etter utdanning/kompetanse jf. tariffavtale.
Spørsmål
Ta kontakt med leiar for tenestetorget, Johanna Maria Hereid, ved spørsmål om stillinga.
Tlf.: 53 67 35 32 / 959 74 532.
Søknad
- Søknadsfrist er 07.02.2021
- Søknad sendast elektronisk
- Merk søknad med arkivsaksnummer 21/34
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater