Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Teknisk arkitekt / informasjonsforvaltar

Offentlig forvaltning

UDI er på veg mot å etablere framtidas saksbehandlingsløysing, der målet er å automatisere ein større del av oppgåvene våre ved hjelp av prosessmotor, regelmotor og maskinlæring. Målet vårt er utstrekt digital kommunikasjon med søkjarane og resten av samfunnet. Vi jobbar for at utlendingsforvaltninga skal vere i toppsjiktet innan digital forvaltning i det offentlege.    
  
Data frå utlendingsforvaltninga skal tilføre det offentlege Noreg verdi. Digital samhandling og automatisering krev kjennskap til kva data verksemda forvaltar, og kva desse dataa betyr. Du vil vere ein sentral ressurs i arbeidet knytt til "Orden i eige hus», omgrep, regelverk, informasjonsmodellar og datasett.
 
Vidare vil du vere sentral i arbeidet med API-ar, public-tenester og tenestemodellar. Du vil vere med på å halde ved like tenestene vi tilbyr samhandlingspartnarane våre. Du bør derfor ha ei interesse for regelmotorteknologi, inkludert regelutvikling og -forvaltning.
  
Du vil jobbe i skjeringspunktet mellom fagmiljøa og IT. Det er viktig å kommunisere godt med fagmiljøa og forstå samanhengen mellom systemporteføljen, dataa som blir lagra, og den faglege verksemda til utlendingsforvaltninga.
 
Ei av våre viktigaste tenester er deling av informasjon om opphaldsstatus. Kvaliteten på denne tenesta er avhengig av kvaliteten på dataa våre. Du vil bruke mykje av tida di til å setje deg inn i og forstå datamodellen til utlendingsforvaltninga. Det er derfor ein fordel om du finn glede i å studere datastrukturar i tabellar og ser løysingar for korleis strukturane kan forbetrast eller etablerast på nytt i ein ny datamodell. Ein viktig del av jobben vil vere å setje standard for kvaliteten på dataa vi lagrar, og overvaking av data for å sikre at standarden blir halden.

Arbeidsoppgaver
  • forvalte og utvikle UDIs informasjonsarkitektur og informasjonsmodellar
  • analysere og forstå arbeidsprosessane til fagsida og behovet dei har for informasjon for å løyse oppgåvene sine
  • identifisere utfordringar og moglegheiter innan informasjonsarkitekturen
  • utarbeide omgrepsmodellar og informasjonsmodellar på ulike abstraksjonsnivå
  • arbeide med datakonvertering og -migrering ved behov
  • utarbeide konkrete endringsordrar til utviklarar, ut frå ei forståing av den noverande tilstanden og kva behov vi har
  • følgje opp informasjonsarkitektur i prosjekt/produktteam  

  • Du bruker mykje av tida di til å forstå datamodellen til forvaltninga.
  • Du held deg orientert om nasjonale retningslinjer for informasjonsforvaltning. 
  • Du vil samarbeide med ulike fagmiljø i og utanfor UDI.  

Kvalifikasjoner
  • Du må ha høgare relevant utdanning innan informasjonsteknologi på anten master- eller bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet.  
  • Kjennskap til IT-systema og datagrunnlaget til utlendingsforvaltninga er ein fordel. 
  • God kjennskap til Blaze er ein fordel.
  • Du må beherske informasjonsmodellering, både konseptuelt og logisk, t.d. omgrepsmodellar, objektmodellar og ER-modellar.
  • Kjennskap til TOGAF-rammeverket er ein fordel.
  • Du må ha erfaring som utviklar og beherske SQL.
  • Du er analytisk anlagt, med evne til heilskapleg tenking, og med ein god porsjon pragmatisme.
  • Kjennskap til Digitaliseringsdirektoratets rammeverk for informasjonsforvaltning er ein fordel.  
  • Erfaring med å jobbe i tverrfaglege team og/eller med smidig utvikling er ein
    fordel.  
  • Du skriv godt på både norsk og engelsk.  
  • Du må kunne autoriserast for tilgang til systema til forvaltninga.   
Personlige egenskaper
  • Du trivst med å finne strukturar der andre ser kaos.
  • Du er engasjert, løysingsorientert og sjølvdriven.  
  • Du er i stand til å tenkje langsiktig i ein operativ kvardag.  
  • Du tar ansvar ved å gi råd og vise veg, og du inviterer andre inn i arbeidet ditt.
  • Du er lett å samarbeide med.  
  • Du har forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag.  
Vi tilbyr
  • sjølvstende og høve til å setje ditt eige preg på løysingane vi lagar 
  • eit krevjande og givande arbeid 
  • ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, engasjement og dyktige medarbeidarar 
  • éin time betalt trening i arbeidstida per veke 
  • fleksitidsordning, og overtidsbetaling ved pålagt overtidsarbeid
  • ordna forhold med ein arbeidsdag på 7 timar og 45 minutt (7 timar om sommaren), inkludert lunsjtid 
  • Stillinga blir lønt som seniorrådgivar i lønnsspennet 750 000 kr til 900 000 kr. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring. 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.