Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Tech lead for automatiserte tenester – UDIs IT-avdeling (21/20)

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å vere ein sentral ressurs i utviklinga og forvaltninga av framtidige IT-løysingar? Synest du det er viktig at staten leverer brukarvennlege og effektive tenester? Ønskjer du å bidra til at brukarane møter ei heilskapleg offentleg forvaltning, og kunne du tenkje deg å vere ein del av eit arbeidsmiljø som har som mål å levere gode resultat saman?  

Vi er godt i gang, men ikkje i mål, og søkjer derfor etter engasjerte og modige medarbeidarar som ønskjer å vere med på denne reisa. No har vi ei ledig stilling som tech lead i IT-avdelinga vår i Avdeling for elektronisk forvaltning (AEF).  

UDIs IT-avdeling 
Du blir del av ei avdeling med i underkant av 80 tilsette. Avdelinga har ansvar for å forvalte og utvikle nasjonale IT-tenester som handterer søknader om vern, visum og opphald på andre grunnlag. UDI behandlar årleg over 360 000 søknader i sjølvbetenings- og saksbehandlingssystema våre.   

UDI er på veg til å etablere ei saksbehandlingsløysing for framtida, der målet er å automatisere ein større del av oppgåvene ved hjelp av prosessmotor, regelmotor og maskinlæring. Dette kjem til å føre til store endringar i arbeidsmåten vår, og ei vellykka innføring er sentralt for å sikre gode arbeidsprosessar og gevinstar. Dette rører ved både brukarane, førstelinja som tek imot søknaden, saksbehandlarane og andre samarbeidspartnarar.

Målet vårt er utstrekt digital kommunikasjon med søkjarane og samfunnet elles. Digitalisering er sentralt i verksemdsstrategien til UDI. UDI gjennomfører for tida eit organisasjonsutviklingsprosjekt, og vi jobbar for at utlendingsforvaltninga skal vere i toppsjiktet innanfor digital forvaltning i det offentlege.    

Drifts-, vedlikehalds- og utviklingsoppgåver er sette ut til eksterne leverandørar, gjennom kontraktar som blir følgde opp av medarbeidarar i avdelinga.    

Vi deltek i tillegg i eit utstrekt europeisk samarbeid om felles IT-løysingar på utlendingsfeltet.  

Teach lead – automatisering
UDI jobbar med fleire store satsingar på automatisert saksbehandling. Vi har allereie komme eit godt stykke på veg når det gjeld fullautomatiserte vedtak, og vi ser at dette er eit område vi må satse vidare på.

IT-utviklinga i UDI har i all hovudsak vore gjennomført ved at utviklingsoppdrag blir sette ut til kontraktspartnarane våre. UDI ønskjer no å styrkje den tekniske kompetansen internt, og skape team som kan jobbe målretta og smidig med å forvalte og vidareutvikle løysingar for automatisering.

Til dette teamet treng vi deg som brenn for utvikling og moderne applikasjonar. Du får jobbe med moderne løysingar og får stor moglegheit til å påverke framtida og moderniseringa av saksbehandlingsplattforma vår. Vi er opptekne av kontinuerleg forbetring av både arkitekturen, arbeidsprosessane og koden vår. Her får du som tech lead ei leiande rolle!

Vi ønskjer deg som liker å teste ut nye løysingar, men som også forstår korleis det nye må fungere saman med det gamle. Du har brei teknisk innsikt, og klarer å bruke dette i ein samfunnsaktuell kontekst. Du må ha god formidlingsevne, særleg når det gjeld å forklare tekniske problemstillingar på ein lettfatteleg måte. Du liker også å jobbe tett med andre. Du har sterke meiningar, men er samtidig audmjuk for synspunkta til andre. Det gjer at du er lett å samarbeide med.

Vi treng deg som tek ansvar for utviklinga frå start til slutt, som er fagleg sterk, men som også ønskjer å lære meir.

Kvalifikasjoner
  • høgare relevant utdanning innanfor informasjonsteknologi på høgskole-/universitetsnivå, anten master- eller bachelornivå – relevant erfaring kan kompensere for kravet
  • erfaring med .NET-plattform og C#
  • erfaring med regelmotorar
  • erfaring med hendingsorientert og tenesteorientert utvikling
  • gode norskkunnskapar

 

Vi ønskjer at du

  • har kjennskap til prosessmotor og BPMN
  • har kjennskap til DMN
  • liker å jobbe med kravstillarar, fagressursar og utviklarar
  • kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar for framdrift
  • er ivrig og ikkje redd for å ta initiativ dersom du ser at noko kan gjerast annleis eller effektiviserast
  • er kreativ og kan tenkje nytt rundt gamle løysingar
  • helst har kjennskap til datasystema i utlendingsforvaltninga

 

Hos oss får du

  • vere med og leggje til rette for eit nytt, smidig utviklingsmiljø i UDI
  • store faglege utfordringar og høve til å utforme sentrale IT-løysingar i Noreg
  • eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
Vi tilbyr
  • ei stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, lønnsnivå kr 617 800 til kr 835 500 – for spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. To prosent 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.