• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    6865, Sogndal
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5491702
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 09.01.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Bli med å skapa den fornybare framtida!

Sygnir søker trainee: Nettutvikling eller digitalisering

Nettselskaper (kraftnett)

Ønskjer du å vera med på å utgjera ein forskjell, og legga til rette for eit samfunn som baserer seg på grøn energi? Då er Sygnir den rette arbeidsgjevaren for deg. Som eit av landets 20 største nettselskap, med 80 framoverlente og dyktige medarbeidarar, har me eit viktig samfunnsoppdrag i å rusta regionen for framtidas utfordringar og i det grøne skiftet.

Sygnir er alltid på jakt etter dyktige medarbeidarar og ynskjer å knytta til oss ein trainee til ein av fleire arbeidsmoglegheiter.

 

Me tilbyr

  • Ei spennande stilling på ein arbeidsplass som er ein sentral samfunnsaktør og viktig bidragsytar for det grøne skiftet i Sogn.
  • Opplæring, kurs og stort potensiale for eigenutvikling.
  • Ein travel arbeidsplass med stor aktivitet, store satsingar og gode kollegaer i eit sosialt produktivt miljø.
  • Kontorstad på ein av våre lokasjonar i Sygnir (Aurland, Lærdal, Vik, Balestrand eller Sogndal).


Arbeidsområde 1: Nettutvikling

Sygnir skal investera for godt over ein milliard kroner dei neste åra, både på regional- og distribusjonsnettnivå. Det gjer at Sygnir vil dobla sine bokførte anleggsverdiar, så det er eit stort løft. Då gjeld det å gjera dei lure vala ved å utnytta ny teknologi, byggje billigare og smartare for å halde nettleiga låg og få til ein effektiv nettstruktur.

Ikkje berre skal Sygnir byggje mykje nytt nett, men me skal og ivareta ein essensiell rolle som industripartnar for ny industri som ynskjer å etablera seg i regionen. Me må vera attraktive om me skal klare å tiltrekka oss slik industri og det legg mykje ansvar på Sygnir og vår dialog med kundar og nye industriaktørar.

Arbeidsoppgåver

Det er viktig at du ser heilheita i nettet vårt og me ynskjer såleis at du blir kjend med heile organisasjonen. Difor planlegg me at du vil vera innom fleire delar av nettselskapet for å bli kjent med ulike arbeidsoppgåver, prosessar og ikkje minst kollegaene og deira sine behov. Vidare blir hovedmåla å:

  • bidra til gjennomføring av Sygnirs nettutviklingsprosjekt for å leggja til rette for utvikling, elektrifisering og meir fornybar kraft i regionen.
  • ta ansvar for og leiing av prosjekt i regional -og distribusjonsnett, frå oppstart til ferdig leveranse. Arbeidsoppgåver vil vere planlegging, gjennomføring av konsesjonsprosessar, prosjektering, utarbeiding av tekniske spesifikasjonar og gjennomføring av anskaffingar, prosjektstyring og HMS-ansvar.
  • bidra til å bevara eit godt forhold til partnarar, nye forbrukarar og ny industri ved gjera Sygnir til ein føretrukken industripartner i det grøne skiftet.

For å bidra optimalt bør du vera analytisk og ha eit ynskje om å utfordra måten me tenkjer og utviklar nettet vårt på. Videre er det alltid ein fordel om du har interesse for ny teknologi, til dømes ny elektroteknologi eller datateknologi.


Arbeidsområde 2: Digitalisering, smart nett og effektivisering

Sygnir ynskjer å auke satsinga innan digitalisering. Satsinga har allereie starta og eit døme på dette er at me i konsesjonsområdet vårt har bygd Norges mest omfattande LoRaWAN-nettverk. Dette legg til rette for ei datainnsamling som berre fantasien set grenser for, og utover dette har me tilgang til ei rekke datakjelder frå t.d. AMS, driftskontrollsystem, digitale verktøy m.m.

No handlar det om å bruke og strukturere desse datakjeldene, gjere data tilgjengeleg for brukarane og ikkje minst effektivisere og automatisere prosessar. Vidare er me i startfasen av proaktiv feilhandtering, eksempel på dette er at me finn feil før kunden sjølv finn og opplev feilen.

Som eit naturleg ledd i dette arbeidet jobbar me med å ta aktivt i bruk nye digitale verktøy. Spennvidda her er stor og gjeld alt i frå tradisjonell og proprietær programvare - heilt til frie program som t.d. Phyton.

Arbeidsoppgåver

For å utvikla gode løysningar innan digitalisering er det viktig at du lærer organisasjonen å kjenne. Difor vil du hospitere i ulike delar av nettselskapet for å bli kjent med arbeidsoppgåvene, prosessane og ikkje minst kollegaene og deira sine behov. Parallelt vil du jobbe tverrfagleg både internt i Sygnir og saman med Sognekraft-konsernet for å løyse digitale utfordringar. Her snakkar me om anskaffingar av nye system, vidareutvikling av eksisterande system, integrasjonar samt bruk og analyse av data – med mål om å:

  • effektivisere prosessar
  • predikere vedlikehald og investeringsbehov
  • få til betre styring og utnytting av nettet vårt ved til dømes å legge betre til rette for ny produksjon og elektrifisering
  • proaktivt handtere feil i nettet

For å bidra optimalt bør du ha elektrokompetanse slik at du forstår straumnettet og elektrofagfolk, og kan dermed bidra inn mot eit tverrfagleg team beståande av t.d. kollegaer med IT kompetanse. Videre må du ha interesse innan datateknologi/databehandling/programvare/programmering anten sjølvlært eller med fordel gjennom utdanning.

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor, mastergrad eller sivilingeniør innan elkraft/elektrofag.
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter fullført studie (Felles krav til alle som søkjer Trainee via Framtidsfylket)
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg (Felles krav til alle som søkjer Trainee via Framtidsfylket)

Ta kontakt med seksjonsleiar nettutvikling Helge Morten Vangen på tlf. 951 72 599 (arbeidsområde 1 – Nettutvikling) eller seksjonsleiar nettstyring John Kroken på tlf. 907 66 994 (arbeidsområde 2 – Digitalisering, smart nett og effektivisering) dersom du har spørsmål til stillinga.


Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.


Om arbeidsgjevaren

I Sognekraft-konsernet er me 150 ihuga medarbeidarar, som kvar dag bidreg til viktige samfunnsoppdrag rundt om i Sogn. Av desse jobbar kring 80 i Sygnir, med arbeidsstad i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Faktisk i det brattaste terrenget i Norge! Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Difor jobbar Sygnir også med å byggje ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift.

Me er med å rusta Sogn for ei framtid i det grøne skiftet!

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    6865, Sogndal
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5491702
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 09.01.2024