Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Studentstillingar for sjukepleiestudentar

Brannvesen

Surnadal kommune lyser med dette ut studentstillingar til dei som vil studere sjukepleie frå hausten 2021.

Stillingane vil knyttast til einingane Surnadal sjukeheim og Heimetenesta.

 

For studentstillingar i Heimetenesta gjeld:

  • Tilbod om fast jobb 3.kvar helg i studietida. Ordinære tilsettingsvilkår og studentavlønning.
  • Ein forpliktar seg til 5 veker arbeid i sommarferiane
  • Garanti om 100% fast stilling i kommunen etter dokumentert bestått utdanning og framlagt autorisasjon

 

For studentstillingar ved Surnadal sjukeheim gjeld følgjande tilbod om studentpakke:

Fulltidsstudie over 3 år:

  • Stipend 2.år kr. 35.000,-
  • Stipend 3.år kr. 45.000,-
  • Tilbod om fast jobb 3.kvar helg i studietida. Ordinære tilsettingsvilkår og studentavlønning
  • Garanti om 100% fast stilling etter bestått utdanning og framlagt autorisasjon
  • Ein forpliktar seg til 5 veker arbeid i sommarferien, samt 2 år med bindingstid til Surnadal sjukeheim etter fullført utdanning

 Deltidsstudie over 4 år:

  • Stipend 2.år kr. 20.000,-
  • Stipend 3.år kr. 20.000,-
  • Stipend 4.år kr. 40.000,-
  • Tilbod om fast 50% stilling med arbeid 3.kvar helg under utdanning. Ordinære tilsettingsvilkår og studentavlønning.
  • Garanti om 100% fast stilling etter bestått utdanning og framlagt autorisasjon
  • Ein forpliktar seg til 5 veker arbeid i sommarferiane, samt to år med bindingstid til Surnadal sjukeheim etter fullført utdanning.

 

Det blir gjennomført intervju med søkarane før tilbod blir gjeve.

For tilsette i Surnadal kommune gjeld permisjonsreglane i Personalplanen med omsyn til eksamensdagar og rett til permisjon under utdanning.

Vi gjer merksam på at søknadsfristen for å søkje inntak på studiet er 15.april 2021 via www.samordnaopptak.no 

Hausten 2021 startar m.a Høgskulen i Molde deltidsstudium med studiestad Kristiansund, som då blir den næraste studiestaden.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som:

- ønskjer å starte på sjukepleiestudiet hausten 2021. Er du i gang med sjukepleiestudiet kan du også søkje

- kommuniserer godt på norsk og har god skriftleg og muntleg framstillingsevne

 

Arbeidsoppgåver under studietida

- pleiefaglege oppgåver og ansvar

- under veiledning:øving på og utføring av sjukepleiefaglege oppgåver saman med sjukepleiarar

- medikamenthandtering

- samarbeid med øvrig personale om oppgåvene som skal løysast på vakt

- planlegge og gjennomføre aktivitetar saman med pasientane

- dokumentasjon

 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som vil vere med å skape ein meiningsfylt og trygg kvardag for pasientane våre, som ser verdien av heilheitleg omsorg, livsglede-tiltak og betydninga av aktivitetar og mobilisering av pasienten sine eigne ressursar.

Du brenn for faget og engasjerer deg i fagutvikling, tek ansvar og arbeider målretta med pasienttiltak og oppfølging av desse.

Du er vennleg og tillitvekkande, fleksibel, initiativrik og endringsvillig, har pågangsmot, løysingsfokus og gode samarbeidsevner.

 

Vi tilbyr:

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- turnus med mulegheit for tilpassing/ønskje

 

Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram ved tiltreding.

Førarkort kl. B er nødvendig for å utføre dei aller fleste arbeidsoppgåvene i Heimtenesta.