• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5086411
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 22.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Støttekontaktar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll kommune treng støttekontakter som kan bidra til at fleire austevollingar får ei meiningsfylt fritid. 

For ei uformell samtale om det å vere støttekontakt kan du ringe Linn-Beathe Suphammer tlf 98232951 eller sende e-post til lbs@austevoll.kommune.no

Under kan du lese meir om kva det å vere støttekontakt innebærer og korleis du kan ha ei viktig rolle i ein anna austevolling sin kvardag. 

Kva er ein støttekontakt?
Støttekontakten skal bidra til at fleire får ei fritid med meining.
Støttekontakt er ei benevning på ein person som gjer andre assistanse, støtte og oppfølging på fritida. Hjelpa er tilpassa den einskilde og målet er ei meningsfull fritid i samvær med andre. Dei som treng støttekontakt er i alle aldersgrupper og har ulike behov og ynskjer. 

Oppdraget er som regel nokre timer per veke. Det vert ikkje stilt krav til at støttekontakten skal ha noko spesiell utdanning, men du bør trivast med å hjelpe andre.

Kommunen er ansvarleg for å gje naudsynt opplæring og oppfølgjing.
Arbeidet er løna og betalt av kommunen. I tillegg til løn vil du som støttekontakt få ei oppleving av at du gjer noko viktig for ein anna og er med på å styrke livskvaliteten og livsutfoldelsen til eit anna menneske.

Forventninger til støttekontakten:
Støttekontakten må ha overskot å gje av, vere trygg på seg sjølv og ha evnen til samarbeid. Støttekontakten må kunne holde avtaler, sette grenser og forholde seg profesjonelt til rolla si. Støttekontakten må vere ein god rollemodell og overholde regler og lover. Alkohol og andre rusmidler skal ikke nytast i samver med brukeren.

Støttekontakt har teieplikt:
Teieplikta innebærer at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege tilhøve rundt den du er støttekontakt for. Teieplikta kan kun opphevast av brukar sjølv eller av verje/pårørande. Det er viktig å huske at teieplikta gjeld fra første kontaktpunkt / informasjonsutveksling, og etter at støttekontaktoppdraget er avslutta. 

Politiattest:
Som støttekontakt blir du pålagt å framvise politiattest. Det vert krevd politiattest for personer som skal yte helse- og omsorgstjenester (jfr. Lov om barneverntjenester § 6 – 10, siste ledd og Lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 5 - 4). Politiattesten skal vise om søkjar er sikta, tiltalt, ilagt forelegg eller dømt for seksuelle overgrep, vinningslovbrudd eller narkotikalovbrudd.
Søkjar har sjølv ansvar for å innhente politiattest, og vil motta søknadsskjema og stadfesting på at politiattest er naudsynt fra den som iverkset oppdraget.

Slik kan du bli støttekontakt:
Du må vere glad i å prate og vere saman med andre menneske, samtidig som du må kunne sette grenser. Du bør vere trygg på deg
sjølv og vere ein omsorgsperson som bryr deg om andre, og klare å tilpasse deg til ulike personer du
skal jobbe med.
 
Om du ynskjer å bli støttekontakt gå inn på heimesida www.austevoll.kommune.no og fyll ut skjema for søknad om å bli støttekontakt.
Lag ein kort presentasjon av deg selv. Oppgje navn, alder, telefon og eventuelle ønsker du har for oppdraget.
Vi vil avtale ei tid for samtale med deg som ynskjer å bli støttekontakt. 
Det vil variere kor lang tid det tar før du får tilbd om oppdrag utfra kommunen sine behov og dine kriterier for å vere støttekontakt.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5086411
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 22.03.2023