Bedrift
Statistisk sentralbyrå - SSBSøknadsfrist
04.03.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
2211, KONGSVINGER
KONGSVINGER
Antall stillinger
1karriere-kode
5592817Se her for andre jobber fra Statistisk sentralbyrå - SSB
- Oppdatert 17.02.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Statistisk sentralbyrå - SSB
Statistikk - GIS - Geodata
Offentlig forvaltning
Vil du lage statistikk ved hjelp av GIS og geodata?
Vi søkjer ein ny medarbeider til området GIS og arealstatistikk. Hovudoppgåver er produksjon og utvikling av statistikk, analysar og utgreiing knytta til bruk av geodata.
Vi ser etter deg som har god GIS-kompetanse, har interesse for emnet og som kan bidra i å vidareutvikle analysar og statistikkproduksjonen med nye metodar, verkty og nye datakjelder. Det er viktig at du er sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidseigenskapar. Det er òg viktig at du kan tileigne deg ny kompetanse, både fagleg og teknisk. Kan dette vere arbeidsoppgåver for deg?
Seksjon for eigedoms-, areal- og primærnæringsstatistikk har ca. 30 medarbeidarar med variert kompetansebakgrunn. Seksjonen har ansvar for å utvikle, produsere og formidle primærstatistikk innen arealstatistikk; eigedomsstatistikk; bustadstatistikk og primærnæringsstatistikk. Seksjonen har òg ansvar for SSBs interne GIS-ressurssenter, som koordinerer GIS-satsinga og leverer interne og eksterne kurs.
Kvalifikasjoner:
- Utdanning på mastergradsnivå, gjerne innan GIS, geodata, areal, geografi, datavitenskap mv.
- Gode GIS- og IT-kunnskaper. Det er ein klar fordel med erfaring frå programmering i til dømes R eller Python
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
- Ønskeleg med erfaring innanfor statistikkproduksjon
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning
Personlige egenskaper:
- Pliktoppfyllande og kvalitetsmedviten
- Teamorientert og har gode samarbeidsevner
- Systematisk og målretta
- Analytisk og har god tallforståing
- Fleksibel, har evne til initiativ og nytenkning
Vi tilbyr:
- Jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har stor tillit hos befolkninga og blant avgjerdstakarar, og som medarbeidar i SSB blir du del av eit stort fagmiljø
- Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsetteprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers
- Løn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar kr. 516 800 - 759 100. Stillingskode og løn fastsetjast ut fra dine kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkarar som er særs godt kvalifiserte
- Høve til å trene ein time per veke i arbeidstida, med treningsrom i kontorlokala
- Fleksitid, betalt overtid og sommartid i perioden 15. mai til og med 14. september
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår
- Fra sommaren 2025 høve til å arbeide i SSBs lokalar i nytt bygg ved Kongsvinger stasjon
- For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknaden din, treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osv.). For kandidatar som vi vurderer å tilsetje, kan vi utføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.
- Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste, som kan bli gjort tilgjengeleg for dei som ber om innsyn i lista. Det er mogleg å få unntak frå å stå på denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer å få unntak. Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
- SSB skal vere ein god stad å jobbe for alle, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidas oppgåver. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging, vil vi strekkje oss langt for å imøtekomme behovet ditt
Bedrift
Statistisk sentralbyrå - SSBSøknadsfrist
04.03.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
2211, KONGSVINGER
KONGSVINGER
Antall stillinger
1karriere-kode
5592817Se her for andre jobber fra Statistisk sentralbyrå - SSB
- Oppdatert 17.02.2024