Detaljer


Stålarbeidar/Platearbeidar/ Sveisar/Montør


Gjeraldstveit Mekaniske AS har røter tilbake til 1972 og har vore i stor utvikling dei siste åra når det gjeld produksjonskapasitet og prosjektgjennomføring. Gjeraldstveit Mekaniske AS produserer og leverer stål og aluminiumskonstruksjonar til bygg, anlegg og industri. Dette arbeidet ynskjer me å vidareføra. Bedrifta held til i nye produksjons- og kontorlokale like utanfor Voss sentrum. Bedrifta er NS-EN 1090 godkjent.

Stålarbeidar/Platearbeidar/Sveisar/Montør

Gjeraldstveit Mekaniske as har eit breitt produktspekter.

Om du har bakgrunn som platearbeidar, montør eller landbruksmaskinmekanikar eller liknande, kan du vera rett person. Me søkjer allsidige og fleksible medarbeidarar. Arbeidet vil bestå av produksjon i våre lokale og montasje ute i felt. Om du ikkje har gyldig sveisesertifikat, kan dette ordnast etter eventuell tilsetjing. Har du spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt.

Kvalifikasjonar:

  • Meistra norsk, skriftleg og munnleg
  • Naudsynt kompetanse, gjerne relevant fagbrev
  • Lika varierte oppgåver og utfordringar
  • Kan arbeida både sjølvstendig og i team

For meir informasjon: www.gjeraldstveit.no

Narve 416 78 080 eller Olav 948 03 094

Søknad med CV sender du til olav@gjeraldstveit.no Frist: SNARAST

Gjeraldstveit Mekaniske AS, Brynaskogen 9, 5705 VOSS

Telefon: 990 46 769 / 56 51 25 29 E-post: narve@gjeraldstveit.no