• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    IT-drift og -support
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5510582
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 05.01.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du jobbe med analyse- og utviklingsarbeid i ein framtidsretta bank?

Sparebanken Sogn og Fjordane søker trainee: Risikostyring og etterleving

IT-drift og -support

Synest du det er spennande med analyse- og utviklingsarbeid? Vil du vere med å bidra til at banken held seg innanfor eksternt lovverk, og til at interne retningslinjer og strategiar blir følgde og vidareutvikla? Eller likar du å arbeide med utvikling av modellar og med verktøy som blir brukte i risikostyringsarbeidet til banken? Då bør du søke traineestilling hos oss.

 

Dei tilsette ved avdeling for risikostyring og etterleving utfører ulike typar analyse-, kontroll- og utviklingsarbeid. Gjennom arbeidet får ein godt innblikk i dei ulike forretningsområda i banken, og ein samarbeider til tider tett med tilsette i andre avdelingar. Avdelinga har ansvar for rapportering til leiing og styret i banken, og for kommunikasjon med styremakter, bransjeorganisasjonar og ratingbyrå. I tillegg gir avdelinga råd og støtte til andre avdelingar i banken.

Som trainee blir du involvert i ulike delar av arbeidet som skal utførast ved avdelinga. Det er eit mål at du i løpet av året skal kunne gjere oppgåver innanfor både risikostyrings- og etterlevingsdelen av avdelinga. Vi vil legge til rette for at hovudtyngda av arbeidet vil vere innanfor dei fagområda du synest er mest interessante.

Kven er du?
Vi ser etter deg med gode analytiske evner, høg fagleg integritet, og evne til målretta og systematisk arbeid. I tillegg ser vi etter deg med gode evner til munnleg og skriftleg framstilling, og som er imøtekommande og serviceinnstilt. Du bør ha auge for detaljar, samtidig som du ikkje misser meir overordna og strategiske mål av syne. Bakgrunn frå realfag, juridiske eller økonomiske fag vil vere ein god ballast å ha med seg.

Hos oss vil du bli involvert i både risiko- og etterlevingsarbeidet i banken. Banksektoren er prega av eit bredt spekter av risikoar, og gjennom denne stillinga vil du få innsikt i fleire fagområde innan bank. Etterlevingsoppgåver inkluderer vurdering av behov for tiltak for å sikre etterleving, implementering av nødvendige tiltak, og rådgiving til leiing, styret og tilsette om plikter som lover og forskrifter krev av banken. I tillegg inneber det å sikre at interne rutiner og retningslinjer blir følgt. Innanfor risikostyring vil du ta del i fleire prosessar for å vurdere ulike typar risiko som banken blir utsett for gjennom drifta. Du vil også vere med på å rapportere funn til styret og leiinga. I tillegg jobbar risikoavdelinga med ulike utviklingsoppgåver, der ein til dømes lagar modellar for å automatisere og effektivisere fleire av risikoprosessane.

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank på veg inn i eit spennande banksamarbeid. Hos oss får du ta del i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt imot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lykkast og der er rom for å være seg sjølv. Vi prioriterer det sosiale høgt med årlege samlingar, ulike velferdstilbod og sosiale arrangement.

Kvifor søke?
Hos oss i Sparebanken Sogn og Fjordane kan du kickstarte di karriere i finansverda. Send inn ein søknad og bli en del av vårt team medan du lærer, veks og skapar ei spennande framtid for både deg sjølv og banken vår. Har du fleire spørsmål, ta gjerne kontakt med leiar for risikostyring og etterlevering, Harald Slettvoll på tlf. 48 11 98 16.

Vi håpar du tar sjansen på oss!

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på over 73 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    IT-drift og -support
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5510582
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 05.01.2024