• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4339207
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 04.03.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Ferievikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Arbeidsstad

Miljøarbeidartenesta i Austevoll yt tenester til personer med nedsett funksjonsevne i ulike aldre og med stor variasjon i bistandsbehov. 

Per i dag er delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.

Det er eit tverrfagleg arbeidmiljø med blant anna vernepleiarar, ergoterapeut, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar med erfaring.

Våre dyktige medarbeidarar skal avvikle velfortent ferie og vi treng sommervikarer som kan bidra. Behovet er størst i perioden 15.juni til 20.august. Men vi treng og fleire vikarer som kan bidra ellers i året.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Sikre at tenestemottakarane får naudsynt hjelp og kvalitativt gode tenester i samsvar med gjeldande lover, avtaler og retningslinjer 

  • Miljøarbeid/bistå tenestemottakarane i daglege gjeremål/aktiviteter 

  • Oppfølging av interne rutiner, prosedyrer og retningslinjer
  • Medikamenthandtering etter eigen fullmakt og gjeldande retningslinjer
  • Elektronisk rapportering

  • Praktiske gjeremål i bolig og andre delegerte oppgaver  

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med formell utdanning innan helse- og sosialfag eller erfaring med liknande arbeid  
  • Stillingane passer godt for deg som er student ved 3-årig helse- og sosialfaglig eller pedagogisk utdanning.
  • Du kan og søkje dersom du ikkje har utdanning. Personleg eignaheit og interesse for arbeidet vert vektlagt.
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.

Ynskjer:

  • Sjølvstendig, fleksibel, samt at du liker ein variert og utfordrande kvardag.
  • Du trivast med å jobbe tett på tenestemottakar, aleine og i team med andre.
  • Løysingsorientert og ansvarsbevisst. 
  • Engasjert medarbeider som kan vere med å videreutvikle tenester.
  • Du medvirker til eit ope og positivt arbeidsmiljø, har «stå på vilje» og humor og er ein god rollemodell. 
  • Personlig egnaheit, stabilitet og god arbeidsmoral vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing. 
  • Det er ynskjeleg med førerkort klasse B.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4339207
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 04.03.2022