Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Sommarvikarar, Pleie og omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera sommarvikar hos oss i sommar?

Me treng sommarvikarar i perioden 19. juni - 13. august 2023.

Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med- og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer.

Sommarvikarane våre får felles informasjon før tiltreding, kurs via KS-læring (digitalt) og individuell opplæring på arbeidsstaden.

Send oss nokre ord om deg sjølv og skriv i søknaden prioritert rekkefylgje kva type teneste og avdeling du ynskjer sommarjobb i. Du må også skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer.

NB! Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.

Me treng sommarvikarar på følgande stader:

> Tenester til heildøgns omsorg

– her kan du få jobba i institusjonar som Toloheimen, Øysteseheimen eller Strandebarmheimen, eller du kan jobba i omsorgsbustadar som Tolo omsorg, Mikkjelsflaten omsorg eller i Strandebarm trygde/omsorgsbustadar.

> Tenester til menneske med utviklingshemming

– me er organisert i tre grupper: bufellesskap Øystese, Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester og Tolomarka omsorg og avlastning.

>Tenester til heimebuande

– me treng ferievikarar ved Korttidsavdelinga på Toloheimen (KRB), Kvam heimeteneste (heimesjukepleien), Natt-tenesta (som gjev tenester til heimebuande, brukarar i institusjon og menneske med utviklingshemming) eller ved Dagsenteret i Øystese, som gjev aktivitetstilbod på dagtid.

Vil du vite meir om sommarjobb hos oss, sjå under Kontaktinformasjon i utlysinga, ta kontakt med leiar i den tenesta du ynskjer å jobba. 

 

Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon eller heildøgns omsorgsbustad, korttidsavdelinga, heimebuande, på natt og til menneske med utviklingshemming

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
  • Vernepleiar/vernepleiarstudent
  • Helsefagarbeidar
  • Pleiemedarbeidar

Me prioriterer dei som:

  • Er over 18 år
  • Vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir
  • Har interesse for, og/eller erfaring frå omsorgsarbeid

NB! Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Likar utfordringar i arbeidet
  • Møte andre menneske på ein respektfull- og open måte

Vi tilbyr:

  • Ein meiningsfull sommarjobb
  • Verdifull og nyttig arbeidserfaring
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Ekstra bonus til sjukepleiarar og vernepleiarar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette