• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    24.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5033999
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 24.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Sommarvikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, helsefagleg student/elev eller pleiemedarbeidar, og på jakt etter sommarjobb i helse?

Likar du å arbeide med menneske og vil ha ein sommarjobb som betyr mykje for andre?

Då har me jobben for deg.

Pleie og omsorg trenger sommarvikarar til Samnangerheimen, heimetenesta, heimehjelp og Skottabakken, i perioden 19. juni - 20. august. Det er arbeid på dag, kveld og natt, og annakvar til tredjekvar helg.
Me vil og ta inn stovevakter på Samnangerheimen og Skottabakken.

Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer.

Sommarvikarane våre får felles informasjon før tiltreding, kurs via veiledaren (digitalt) og individuell opplæring på arbeidsstaden.
Videre får du god opplæring og oppfølging undervegs i arbeidet. 

Send nokre ord om deg sjølv og skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer. Stillingstorleik er frå 70 – 100 %

Me prioriterer etter kvalifikasjonar - om du har vore vikar tidlegare og/eller går helseretta utdanning og om du kan arbeide minst 4 veker samanhengande i denne perioden.

Me vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.

 

Arbeidsoppgåver

Pleie og omsorg, aktivisering, praktisk hjelp, rehabilitering, miljøterapiretta til pasientar og bebuarar i institusjon og til heimebuande, samt heimehjelp/reinhald til heimebuande.
Du kjem til å jobba i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper, men må og væra sjølvstendig og ta del i gjeremål og oppgåver knytt til pasientar og din kompetanse.


Kvalifikasjonar

  • God i norsk skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Som sjukepleiar eller helsefagarbeidar må du ha norsk autorisasjon
  • Førarkort klasse B er ein fordel for dei som skal jobbe i heimetenesta
  • Må ha gyldig politiattest


Personlege eigenskapar

  • Engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske
  • Pasientorientert og serviceinnstilt
  • Praktisk og fleksibel
  • Sjølvstendig og stå-på-vilje
  • God på kommunikasjon
  • Er ivrig og lærevillig

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • Stillingsbrøk: ca 70 til 100%
  • Opplæringsvakter
  • Gode støttefunksjoner
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i tråd med avtaleverk

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    24.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5033999
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 24.03.2023