Detaljer
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
15.03.2021Stillingsfunksjon:
TraineeStillingstype:
Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransje:
EnergiUtdanningskrav:
ØnskeligArbeidserfaring:
ØnskeligArbeidssted:
Antall stillinger:
1karriere-kode:
3384698Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
Sogn og Fjordane Energi søker trainee innan berekraft
Om stillinga
Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) si verksemd. I SFE arbeider vi kvar dag med å skape ei fornybar framtid. Vil du starte jobbkarrieren din med noko som gir meining? Vi er på jakt etter deg som vil delta i vårt arbeid med klimanøytralitet, eller deg som vil bidra i arbeidet med elektrifisering.
Klimanøytralitet
Ein sentral del av klima- og berekraftsarbeidet er å redusere våre eigne utslepp. Vi må starte med oss sjølve og redusere vårt klima-og miljømessige fotavtrykk. FN sine berekraftsmål står høgt på vår agenda, og vi skal vere klimanøytrale i 2021. Det handlar om å ta eit steg vidare i vårt ambisiøse klima- og miljøarbeid.
Arbeidsoppgåver
Som trainee innan vårt interne klimarbeid har du gode mogleg-heiter for påverknad og utvikling.Sentralt for SFE sitt arbeid innan dette området:
•Identifisere og konkretisere kriterier og målparametre som grunnlag for klimaarbeidet.
•Kartlegge, vurdere og bidra til å etablere tiltak, samt sikre at vi leverer i tråd med våre målsettingar.
•Rapportering i høve til berekraft/klima/miljø.
Kvalifikasjonskrav
Du har høgare utdanning innan klima, miljø, energi, eller teknologi.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Om deg
- Du har gode samarbeids-og kommunikasjonsevner.
- Du er kreativ, utviklings- og moglegheitsorientert.
- Du jobbar strukturert og målretta.
- Du er eit friskt pust inn i vår organisasjon
Vi tilbyr
Å erstatte fossile energikjelder med fornybar energi er ei sentralløysing på klimautfordringane. Å elektrifisere samfunnet, og utvikle nye framtidsretta energiløysingar, er ein naturleg del av å vere ein stor produsent og distributør av fornybar energi.
Som trainee innan elektrifisering får du høve til å delta i våre innovasjons- og utviklingsprosessar for framtidas løysingar. Sentralt for SFE sitt arbeid innan dette området:
•Arbeide med våre satsingar innan elektrifisering og nullutsleppsløysingar.
•Drive fram innovasjons- og utviklingsprosjekt innan elektrifisering og nye berekraftige energiløysingar, både i eigen organisasjon og saman med relevante partnarar.
Som Framtidsfylket Trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga
Vi oppmodar kvinner om å søke
Kontaktperson
Ole Bent Søreide
- 913 91 733
- ole.bent.soreide@sfe.no
Område: Gloppen
Tilsetting: August 2021 til august 2022.
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater