Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
19.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5561, BOKN
BOKN
Antall stillinger
1karriere-kode
6611872Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Skipsførar - Arsvågen-Mortavika!
Ferger
Vi søker no etter ei skipsførar som ønsker å bli ein del av besetninga på gassferjene i sambandet Arsvågen–Mortavika pt. MF Mastrafjord.
Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperioden blir dekka av rederiet.
I rolla som skipsførar får du ei sentral leiarrolle der du har ansvar for trygg og effektiv drift av sambandet. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og samarbeider tett med kollegaer både om bord og på land for å sikre ei stabil og velfungerande ferjedrift. Arbeidsdagane kan vere travle, med skiftande vêr, mykje trafikk og høgt tempo. Stillinga passar difor for deg som er trygg i rolla som skipsførar og trivst med ansvar.
Tiltreding etter avtale.
Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- D1-sertifikat.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- Ferdigheitssertifikat, videregåande IGF.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av.
- Ein bur om bord i arbeidsperioden.
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
19.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5561, BOKN
BOKN
Antall stillinger
1karriere-kode
6611872Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA