Detaljer

  • Bedrift
    Hyllestad kommune
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Sted:
    HYLLESTAD
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    SOGN OG FJORDANE
  • Arbeidssted:
    HYLLESTAD
  • Land:
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2082500
  • Se her for andre jobber fra Hyllestad kommune

Sjukepleiarstillingar

Hyllestad kommune har ledig 2 x 100 % stilling som sjukepleiarar i omsorgstenestene.  Stillingane vil vere fordelt både i heimetenestene og på institusjonen.  Vi vurderer å legge ei av stillingane med turnus kun på natt, om ønskjeleg kan ein få tilrettelagt deltid ned til 60 % for nattstillinga.

Som sjukepleiar i Hyllestad kommune er du med å sikre at brukarane av omsorgstenestene får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve sjukepleie til brukarane
  • Ansvar for at brukarane får pleieplanar og at desse vert oppdatert og oppfulgt
  • Samarbeid med tilsynslege og legevakt, når ikkje avdelingssjukepleiar er til stades
  • På kveld, helg og natt - ta naudsynte avgjerder for at drifta kan gå til ansvarleg tenesteleiar er tilbake (t.d. vurdere behov og ev. innleige av vikar, kontakte teknisk vakt, yte naudsynt helsehjelp)
  • Medikamenthandtering
  • Delta i bakvaktsordning
  • Delta i legevaktsordning (pilotprosjekt frå desember 2019)
  • Ha kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gjerne relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort for personbil
  • Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
  • Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
  • Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å finne bustad

 

Velkomen som søkjar!

 

 
Stillingsannonse på karriere.no
  • 70.000+ unike brukere/mnd
  • Over 75.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
  • Integrasjon Nav, Finn og lokalaviser
  • Annonsering i sosiale medier