Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Sjukepleiarar, Helse og omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye kollega?

Ynskjer du å bidra til ei god omsorgsteneste med utfordringar og spanande arbeidsoppgåver ?

Då er Kvam herad arbeidsplassen for deg. Me kan tilby faste stillingar og vikariat i heildøgnstenesta og i heimetenesta.

  1. Toloheimen og Øysteseheimen er langtidsavdelingar og er organisert under avdeling heildøgnstenester. Dette høver spesielt for deg som har interesse for fagfeltet demens.
  2. Tolo omsorg og Mikkjelsflaten er omsorgsbustader med heildøgnsomsorg i Norheimsund og Øystese
  3. Strandebarm har integrerte tenester med arbeid i institusjon og heimetenester
  4. Kvam heimeteneste gjev tenester i heile kommunen, frå strekninga Ljones til Kjepso.

Tiltreding frå snarast. Me ser fram til å høyra frå deg.

 

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
  • Demensomsorg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Heimetenesta krev førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner
  • Du må kunne arbeida sjølstendig og i grupper

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Roleg, trygg og lojal
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.