Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Sjukepleiar/vernepleiar, fast 100% stiling ved Heimetenesta

Brannvesen

Heimetenesta har ledig fast 100% stilling for vernepleiar eller sjukepleiar i Heimetenesta

Stillinga er knytt til heimesjukepleia og rehabiliteringsteamet.

Stillinga inneber arbeid i turnus med f.t tredje kvar helg og 3 nattevakter på 6 veker, med oppgåver i heimesjukepleia og i rehabiliteringsteamet i eininga.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga blir ei fleksibel stilling med arbeid knytt opp mot rehabiliteringsteamet og elles i heimesjukepleia.

Oppgåver:

- kartlegge, planlegge og sette i verk tiltak basert på pasienten sine behov

- utøve sjukepleie og medisinsk oppfølging i direkte pasientretta arbeid

- vurdere rehabiliteringspotensialet hos pasientane, også i samarbeid med resten av rehabiliteringsteamet og legge plan for eit rehabiliteringsløp

- følge opp tiltak, evaluere og arbeide for ein smidig overgang ved avslutninga av ein rehabiliteringsperiode

 

Fordeling av stillingsprosent mellom heimesjukepleia og rehabilitering vil kunne variere ut i frå behov og ferieperiodar, men ein reknar med at dette i all hovudsak vil bli ei 50/50-deling.

Oversjukepleiar blir næraste overordna.

 

Kvalifikasjonar/krav til kompetanse

 

 - autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar

 

 - relevant etter- eller vidareutdanning er ønskeleg

 

Personlege eigenskaper vi ser etter

- stort engasjement og interesse for rehabilitering

- fagleg trygg

- kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø

- ha gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre i arbeid og endring

- kan drive og initiere utviklingsarbeid

- har god munnleg og  skriftleg framstillingsevne

- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid

 

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

- lønn ifølge gjeldande avtaleverk

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- flyttegodtgjering i tråd med kommunen sin personalplan

 

Tilsettingsvilkår

Du må ha førarkort kl.B Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd., skal leggast fram før tiltreding.