• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    19.02.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4915744
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 05.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Sjukepleiar/vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det tar omlag 1,5 time med ekspressbåt og 2 timar med bil frå Eivindvik til Bergen sentrum. Kommunen har byggeklare tomter, både kommunale og private. Kommunen er elles behjelpeleg med å skaffe bustad for leige.

Gulen kommune har ledig 100% vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar i tida 01.04.23 - 07.01.24. Stillinga kan verte forlenga, med høve til fast stilling i kommunen. I utgangspunktet har stillinga langvakt på helg kvar 4. veke, med påfølgande fredagsfri. 

Arbeidsoppgåver

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Medikamentadministrasjon
  • Andre sjukepleiefaglege oppgåver
  • Stedfortredar for avdelingssjukepleiar
  • Andre oppgåver som måtte komme til

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Løn over tariff
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om tilfredsstillande eigenerklæring MRSA/tbc før oppstart i stillingar i institusjon.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    19.02.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4915744
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 05.01.2023