Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Sjukepleiar ved Surnadal sjukeheim i fast 100% stilling.

Brannvesen

Vi har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar.

Stillinga inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder med arbeid kvar 3. eller kvar 4.helg. Dei som arbeider kvar 4.helg har langvakter på 12,5 time.

Eksterne søkarar (dvs.ikkje noverande tilsette i Surnadal kommune), som får tilbod om sjukepleiestilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønnn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10 års ansiennintet.

Dersom eksterne søkarar har meir enn 10 års ansiennitet frå tidlegare, blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting.

Om oss

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom eo ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. 

Nokre tilsette hos oss har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.

Hos oss har vi stort fokus på:

  • fagutvikling
  • rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene, der målet er auka tryggleik, kvalitet og trivsel for alle
  • kvalitet i tenestene
  • velferdsteknologi
  • aktivitetar
  • matglede
  • refleksjon

Vi ser etter:

  • sjukepleiarar med norsk autorisasjon
  • du kan gjerne vere nyutdanna men også ha erfaring
  • du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å ivareta god dialog og krav til dokumentasjon

Arbeidsoppgåver:

  • sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
  • teamleiarfunksjon og samhandling
  • koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
  • veiledning og opplæring av kollegaer og studentar
  • dokumentasjon
  • bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
  • legemiddelhadtering

Personlege eigenskapar

Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og har fokus på å finne løysingar, noko som inneber at du er fleksibel. 

Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi set pris på ho arbeidstakarane våre.

Vi kan tilby:

  • fagleg utvikling
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn i tråd med gjeldande vedtak for nytilsetting som sjukepleiar ved Surnadal sjukeheim
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • turnus med mogleg individuell tilpassing
  • flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen.

Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!!

Besøk oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim