Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Sjukepleiar Toloheimen langtidsavdeling - demens

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og søkjer nye utfordringar?

Me søkjer sjukepleiar til 80 % fast stilling frå snarast. Stillinga har for tida turnus med arbeid kvar 3. helg. Deler av stillinga har årsarbeidstid.

Mål for avdelinga er at pasientane våre skal få fagleg og god pleie, oppleva tryggleik og stabilitet og få delta i aktivitetar som passar den enkelte.

Toloheimen langtidsavdeling for personar med demenssjukdom er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i Norheimsund. Me har 16 langtidplassar på avdelinga, delt inn i to grupper med 8 pasientar på kvar avdeling, gruppe 3 Vest og Firkløveren.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Demensomsorg
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivietet og trivsel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Du må ha interesse for fagfeltet demens og trivast med å arbeida med eldre
  • Har du erfaring frå arbeid på demensavdeling er det ein fordel
  • Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett i gruppa.
  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstillt og engasjert
  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Roleg, trygg, lojal og ærleg
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø.
  • Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med kr 25 000 (forholdsmessig ved deltid)
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:

  • Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
  • Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
  • Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.