• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4413907
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 11.07.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Sjukepleiar/vernepleiar, sone BBD

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. 

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 

Gulen kommune har ledig 2*100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved sone BBD frå snarast/etter avtale. Eine stillinga er for tida knytt til turnus på Byrknes og den andre til turnus på Dalsøyra. Det kan ved behov vere aktuelt med arbeid i andre avdelingar. Det vert arbeid etter turnus, for tida inkl. 3. kvar helg. Vi er i gang med eit arbeid å vurdere andre arbeidstidsordningar. 

Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus, samt bonus på 100 000,- ved bindingstid på to år. Bonus vert utbetalt enten som eingongssum, eller ratevis gjennom dei to første åra - etter avtale. Vi har også nettopp innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.   

Arbeidsoppgåver vil verte tilpassa avhengig av om det er sjukepleiar eller vernepleiar som vert tilsett. Men i utgangspunktet ligg fylgjande oppgåver til stillinga: 

  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver. 
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane  
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.  
  • Andre oppgåver som måtte komme til

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

Vi tilby:

  • Løn over tariff, ekstra helgetillegg, samt nyrekrutteringsbonus på 100 000,- ved binding i to år. 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4413907
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 11.07.2023