Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
03.12.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5452197Se här för andra jobb från Kvam Herad
- Uppdaterad 17.11.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Kvam Herad
Sjukepleiar, Øysteseheimen langtidsavdeling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Driftig sjukepleiar med eit skarpt hovud og stort hjarte – er det deg?
- Me søkjer sjukepleiar i fast stilling, for tida i turnus med arbeid 3. kvar helg eller 4. kvar helg (langvakter på 12,5 time).
- Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i sentrum i Øystese.
- I det tverrfaglege miljøet vårt, og saman med pasientar må du kunna kommunisera og samarbeida godt. Du må kunne formidla empati og visa respekt.
- Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving
- Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Medisinske prosedyrar
- Koordinering av pleieplanar
- Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling blir det lagt vekt på
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
- Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
- Møta andre på ein respektfull og open måte
- Roleg, trygg og lojal
- Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 25 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons-/ og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Företag
Kvam HeradAnsökningstiden
03.12.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5452197Se här för andra jobb från Kvam Herad
- Uppdaterad 17.11.2023