• Bedrift
    Nissedal Kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2019
  • Stillingsfunksjon
    Helsepersonell
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Kommune
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3855, TREUNGEN
    NISSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2023692
  • Se her for andre jobber fra Nissedal Kommune
  • Oppdatert 29.08.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Nissedal Kommune

Sjukepleiar Natt - fast 80-100% stilling - Nissedal omsorgssenter

Kommune

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med 6 einingar. Vi har delt helse og omsorgsoppgåvene i to einingar, der helseavdelinga og tenesta for funksjonshemma høyrer til eining for helse og habilitering, og sjukeheim og heimetenester som heimesjukepleie og heimehjelp er knytt til eining for omsorg.

Eining for omsorg har følgjande ledig stilling:

Sjukepleiar Natt i fast 80 – 100% stilling på Nissedal Omsorgssenter, ledig frå 1.11.2019. – ID 533

Ein av våre sjukepleiarar på natt går snart av med pensjon og vi søkjar difor etter sjukepleiar som kan overta hennar stilling.

Stillinga vil være i 80% fram til 1.4.2020, men kan då aukast til 100% dersom du veljar å jobbe i 100% stilling.

Kvalifikasjonskrav:

· Den som søkjer må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar

· Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk

· Førarkort kl. B

Ønskelege kvalifikasjonar:

· Evne til å jobbe sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar

· Evne til å leie/rettleie og motivere andre

· Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

· Fadderordning for nyutdanna sjukepleiarar

· Vanleg turnusarbeid med arbeid kvar 3.helg

· Løn etter avtale

Det vert kalla inn til intervju

Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar

Ved intern tilsetjing vil andre kvalifiserte søkjarar kunne få tilbod om anna stilling i same tilsetjinga

Kontaktperson

Ingerid Homme, Avdelingsleiar somatisk avdeling – Tlf 35048460

Arne Hansen Espebu, Einingsleiar Omsorg Tlf. 35048452

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Søknad på elektronisk søknadsskjema på www.nissedal.kommune.no

Søknadsfrist: 24.09.2019

 

  • Bedrift
    Nissedal Kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2019
  • Stillingsfunksjon
    Helsepersonell
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Kommune
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3855, TREUNGEN
    NISSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2023692
  • Se her for andre jobber fra Nissedal Kommune
  • Oppdatert 29.08.2019