• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    19.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2996183
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 22.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Sjukepleiar, natt, 2 x 100 %, PLO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Aukra kommune opna eit av landets mest moderne Omsorgssenter i mai 2018. Omsorgssenteret inneheld 20 heildøgns omsorgsbustadar, aktivitetssenter, kortids- og rehabiliteringsplassar og langtidsplassar. Nattenesta er eit samarbeid mellom institusjon og tenester for heimebuande. 
Det er gjort vedtak om auka bemanning på natt og pleie og omsorg søkjer etter 2 x sjukepleiarar i heil fast stilling p.t på natt med base på Aukra Omsorgssenter. Stillinga inneber at ein har det sjukepleiefaglege ansvaret i kommunen på natt saman med tre helsefagarbeidarar/assistentar. Det vil være ein fordel å ha vidareutdanning avansert klinisk sjukepleie og interesse for arbeid med personar med demenssjukdom og psykiske helseutfordringar

 Pleie og omsorg samarbeider om oppgåvene og ein forventar at kompetanse skal nyttast på tvers av einingar. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel med tanke på samarbeid, då pleie og omsorg òg har ansvar for drift av legevaktsatelitt som er knytt til Legevakta i Molde. Stilling som fagleg ansvarleg sjukepleiar på natt i Aukra kommune vil føre med seg oppgåver som ansvarleg sjukepleiar på legevaktsatelitt.

Velferdsteknologi er teke i bruk i Aukra Omsorgssenter. Same teknologi er i stor grad innført hos heimebuande. Teknologien gjer at fleire kan bu heime lengre , og samstundes få den hjelpa dei treng. Vi set brukarstyring i sentrum, og det er viktig å ha fokus på kvardagsmeistring hjå den einskilde. Tenestemottakar skal vere ein aktiv part, og oppleve å verte møtt på det som er viktig for seg.

Kompetanseheving
Pleie og omsorg har i stor grad tilbod om kompetanseheving i form av kurs
Du vil få tilgang på e-læring
Det kan òg gis støtte til vidareutdanning som kommunen har behov for  

Arbeidstid/turnus
Turnusar utarbeidast i samarbeid med NSF og den tilsette, og du kan kome med ynskjer innafor gitte rammer. Det er moglegheit til å ønskje seg alternative turnusordningar, eksempelvis lange vakter, meir intensive arbeidsperiodar og lengre periodar med fri. Vi er opne for alternative løysingar som gjer at du vil arbeide hos oss.

 Krav til søkar
-Fleksibel og dyktig sjukepleiar som vil være med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre  innbyggjarar
-Sjukepleiar som er med på utvikling og tilpassing av tenestetilbodet ut frå endringar i samfunnet
-Sjukepleiar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga 
-Sjukepleiar med pasient og oppgåvefokus, som har sin arbeidsplass i heile pleie og omsorg
-Sjukepleiarar som tek god kommunikasjon og samhandling på alvor 

 Vi oppmodar 3. års sjukepleiarstudentar til å søkje stillinga.

 Absolutte krav:
-Autorisasjon
-Personleg eigna
-God datakunnskap
-Beherske norsk språk skriftleg og munnleg 

 Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Rekrutteringsløn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

 Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

 Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk her"

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    19.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2996183
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 22.07.2020