Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Sjukepleiar, Kvam legevakt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskjer du ein spennande jobb med fagleg utfordring og varierte oppgåver?

Ledig fast deltidsstilling som sjukepleiar i turnus frå april 2023. Stillinga er i stillingsstorleik 31,4 % med vakter kun på helg/høgtid og kveld. Stillinga kan kombinerast med anna stilling i kommunen om ønskeleg. Legevaktlege er til stades 2 timar på kveld, og 5 timer på helg, hen er elles tilgjengeleg via nødnett. Sjukepleiar må derfor kunne jobba sjølvstendig, då hen er åleine på jobb dei fleste timane av vakta.

Kvam legevakt på Toloheimen i Norheimsund vurderer og behandlar akutt sjukdom og skade i opningstida frå 16-23.00 kvardagar og 08-23.00 laurdag, søndag og heilagdagar. Resten av døgnet vert legevakthenvendelsene handtert ved Hardanger og Voss legevaktsentral.

 

Arbeidsoppgåver

  • Hastegradsvurdera henvendelsar, prioritera og iverksetja adekvat handling
  • Betjena legevaktsentralen 116 117, og vurdera henvendelsen i tråd med Norsk indeks for medisinsk nødhjelp
  • Setja opp prioritert liste med pasientar som skal til lege, samt vera legen sin medhjelpar
  • Ta nødvendige målingar (vitalia) og prøver av pasientane
  • Arbeid på laboratoriet, skadestove og observasjonsrom
  • Tverrfagleg samhandling med fastlegar, spesialisthelsetenestene, politi, pårørande, kriseteam og andre instansar
  • Sikra god dokumentasjon jf.lovverk og interne rutinar
  • Merkantile oppgåver
  • Andre driftsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning
  • Minst 2 års klinisk erfaring innan akuttmedisin
  • God medisinskfaglig kunnskap om problemstillingar i legevakt og kjennskap til bruk av oppslagsverk
  • Evne til å kommunisera godt
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg
  • Beherska engelsk
  • Generell datakunnskap

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på at du:

  • Kan vurdera, prioritera og iverksetja ved å lytta, utnytta beslutningsstøtteverktøy og klinisk vurdering, ta raske vurderingar og behalda roen
  • Jobbar sjølvstendig, løysingsorientert, strukturert og målretta
  • Tileignar deg ny kunnskap, opptatt av kvalitet og er fagleg oppdatert
  • Har gode kommunikasjonsferdigheter
  • Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Er ansvarsbevisst og trivast både med sjølvstendige oppgåver og å jobba i team
  • Trivast med periodevis høgt arbeidstempo
  • Respekterer pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Viser lojalitet overfor lover, reglar, rutinar og avtalar
  • Har vilje til å setja deg inn i pasienten sitt perspektiv

Personlege eigenskapar som er nemnt legg me stor vekt på

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Dyktige kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Opplæring i bruk av nødnett
  • Fagleg oppdatering og seminar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette


 

Stillingsannonse i Hordaland Folkeblad
  • Ditt lokale arbeidsmarked
  • Del annonsen i eget nettverk
  • Over 100.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
Legg ut jobbannonse