Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
11.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6718283Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Sjukepleiar i Heimetenesta, fast 100% stilling
Brannvesen
Fast sjukepleiarstilling i Heimetenesta
I Heimetenesta har vi ledige stilling for sjukepleiar, 100% fast stilling. Stillinga er knytt til heimesjukepleie, og inngår i turnus med arbeid f.t tredje kvar helg og arbeidsoppgåver i heimesjukepleia. Det er moglegheit for arbeid med 12,5 timers arbeidsdagar fjerde kvar helg eller i heile turnusen. Lengre vakter er under utprøving i heimetenesta.
Det kan bli aktuelt med fleire tilsettingar, både fast og vikariat.
Stillingsprosent kan justerast etter eige ønskje dersom ein vil ha mindre stilling enn 100%.
Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing gjennom heile døgnet til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime, og deira pårørande.
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiarfagleg oppgåver og ansvar
- Klinisk vurdering, systematisk observasjon, dokumentasjon, identifisering og iverksetting av tiltak
- Bidra til kvalitetsutvikling, innovasjon og fagleg utvikling i tenesta
- Delta i rettleiing, opplæring og fagleg støtte til kollegaer og elevar
- Pleie og omsorg
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid.
- Bistå til gode perientforløp og oppfølging
I tillegg vi det være oppgaver knytt til samarbeid og samhandling. I heimetenesta er samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre ein viktig oppgave.
Oversjukepleiar er næraste overordna.
Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:
- Autorisasjon som sjukepleiar. Andre med relevant 3årig høgskoleutdanning kan vurderast.
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne og god kommunikasjonsevne på norsk.
- Kunne bruke digitale verktøy, til dokumentasjon og innhenting av informasjon.
- Førarkort klasse B.
- Tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne må leggast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar og fortrinn:
Vi ønskjer oss medarbeidarar som er fagleg trygge og som har motivasjon for å lære. Vi set vilje og evne til sjølvstendig arbeid høgt og ønskjer at medarbeidarane våre er pådrivarar til utvikling, og bidrar positivt i arbeidsmiljøet med godt humør og gode samarbeidsevner.
Hos oss får du:
- Godt arbeidsmiljø med vekt på fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid.
- Løn etter gjeldande avtaleverk og med kommunale tilsetjingsvilkår.
- God pensjon- og forsikringsordningar.
- Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen.
Vi held samtalar med aktuelle søkarar.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
11.10.2026Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6718283Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
-
Vernepleiar i Heimetenesta, fast 100% stilling
Surnadal kommune
SURNADAL -
Vernepleier / miljøterapeut /helsefagarbeidar/ miljøarbeidar
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar 80% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 70% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume