Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5357930Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 16.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Surnadal kommune
Sjukepleiar i fast 100% stilling ved Surnadal sjukeheim
Brannvesen
Surnadal sjukeheim har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar.
Stillinga inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder og arbeid enten kvar 3. eller kvar 4.helg. Dei som arbeider kvar 4.helg har langvakter på 12,5 time.
Eksterne søkarar (dvs. ikkje noverande tilsette i Surnadal kommune) som får tilbod om sjukepleiarstilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10-års ansiennitet.
Dersom eksterne søkarar har meir enn 10-års ansiennitet frå tidlegare, blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene, der målet er auke tryggleik, kvalitet og trivsel for alle
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Vi ser etter:
- sjukepleiarar med norsk autorisasjon
- vi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring
- du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å ivareta god dialog og krav til dokumentasjon
Arbeidsoppgåver:
- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- teamleiarfunksjon og samhandling
- koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
- veiledning og opplæring av kollegaer og studentar
- dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
- legemiddelhandtering
Personlege eigenskapar
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og har fokus på å finne løysingar, noko som inneber at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi set pris på ho arbeidstakarane våre.
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtalverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttergodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5357930Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 16.09.2023