Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vågsøy kommune

Sjukepleiar, helsefagarbeidar og assistent

Sjukepleiar

  • Vi tilbyr 100% fast stilling, ynskje om anna stillingsprosent vert vurdert.

Helsefagarbeidar

  • Fleire helsefagarbeidarar i 80/100% stilling, ynskje om anna stillingsprosent vert vurdert.

Assistent

  • Vi har ledige vikariat og helgestillingar med moglegheit for fast tilsetjing. Arbeid til kvar tid gjeldande turnus. Stillingane gjeld ung brukar og oppgåvene er knytt til personleg hjelp og trening med base i brukar sin heim.

Vi har og ledig:

  • Nattevakter for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
  • Vikariat
  • Faste helgestillingar kvar 2. eller  3. helg frå snarast. 
  • Tilkallingsvikarar som kan ta ledige vakter på kort varsel.

Vi oppmodar særskilt ungdom og studentar som kan tenke seg og prøve ut omsorgsyrke til å søkje dei ledige helgestillingane.

Kvalifikasjonar:

  • Har norsk autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeidar.
  • Er kreative, engasjerte og tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team
  • Har positiv haldning og gode samarbeidsevner.
  • Har bestått kurs i nasjonale fag.
  • Har gyldig arbeids- og oppholdstillatelse.
  • Har dokumentert norskkompetanse tilsvarande bestått norsk språkprøve nivå  3 /B2 skriftleg og muntleg eller tilsvarande
  • Beherskar dei vanlegaste IKT-verktøy (word/excel/internett/e-post) samt har god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy
  • Søkjarar må vere fylt 17 år

Vi kan tilby: 

  • Sjukepleiarar i turnus får ekstra tillegg på kr. 28.000,- pr. år
  • Faste heiltidsstillingar
  • Opplæring
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Utfordringar
  • Dyktige medarbeidarar
  • God pensjonsordning
  • Løn etter kommunal tariff
  • Ryddige arbeidsforhold

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som:

  • God samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Tek del i ansvarsgruppe og arbeid med individuell plan
  • Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og arbeider sjølvstendig
  • Ønskjer å vere ein del av kommunen sitt totale tilbod innan helsetenestene
  • Evne og ynskje om å  tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
  • Har positive haldningar og set brukaren i fokus
  • Refleksjon og empati
  • Arbeider tverrfagleg i team og på systemnivå

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato. Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leggjast fram av den som vert tilbydd stillinga før ein kan tiltre stillinga.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du kontakte:

Tenesteleiar på Område Fastlandet: Annette Hovden,  tlf. 454 78 472

Tenesteleiar på Område Vågsøy: Maren Sumstad Bakke , tlf 57 84 55 37 eller mobil 995 03 740

Tenesteleiar på institusjon, Margreet Maijer: tlf 57 84 56 30 eller mobil 474 69 765

 

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Vi ber om at referanse vert oppgjeve.

Søknadsfrist 27.10.2019