Detaljer

  • Bedrift
    Surnadal kommune
  • Søknadsfrist
    01.11.2020
  • Sted:
    SURNADAL
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Politi, brann og toll
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    SURNADAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3203784
  • Se her for andre jobber fra Surnadal kommune

Sjukepleiar/fagutviklingssjukepleiar, fast 100% stilling Heimetenesta

Heimetenesta har ledig fast 100% stilling som fagutviklingssjukepleiar/sjukepleiar

Stillinga inneber arbeid i turnus med f.t tredje kvar helg med oppgåver i heimesjukepleia og fagutvikling i heile eininga

 

Arbeidsoppgåver:

Ansvarsområde vil vere pleie og medisinsk oppfølging av pasientane i Heimetenesta i stilling som sjukepleiar i turnus. I tillegg kjem oppgåver innafor fagutvikling, internundervisning og prosjektarbeid i lag med leiarteamet. Det blir sett av dagar i veka til fokus på fagutvikling, internundervisning og prosjektarbeid. Fordeling av stillingsprosent mellom sjukepleiarstilling og fagutvikling vil kunne variere ut i frå behov og prosjekt som går, men ein reknar med at dette stort sett vil blir ei 50/50-deling.

Oversjukepleiar blir næraste overordna. Du vil arbeide tett med heile leiarteamet som prioriteringar og innhald i stillingsdelen som fagutviklingssjukepleiar.

Kvalifikasjonar:

- autorisasjon som sjukepleiar

- relevant etter- eller vidareutdanning er ønskeleg. 

Personlege eigenskapar:

- fagleg trygg

- kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø

- ha gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre i arbeid og endring

- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:

- godt arbeidmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

- lønn i hht gjeldande avtaleverk

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- flyttegodtgjersle i tråd med reglane i personalplanen

Tilsettingsvilkår:

Du må ha førarkort kl B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før tiltreding.