Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
14.06.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6640859Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Natt-tenesta i Kvam, Kvam herad
SjukepleiarOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? Søk ledig stilling hos oss.
- 70 % fast i Natt-tenesta
- ledig frå 03.08.2026
Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming i heile kommunen. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeidar på tvers av dei ulike gruppene. Natt-tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.
I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
Sjukepleie til heimebuande og på institusjon.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må ha sertfikat klasse B
- Erfaring frå nattarbeid er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI)
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Fleksibel og nytenkjande
- Jobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 40 000 pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
14.06.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6640859Se her for andre jobber fra Kvam Herad
-
Fagarbeidar inntil 50% stilling, 2 faste stillingar, Brattholmen skule
Øygarden kommune
RONG -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Er du vår nye helsefagarbeidar?
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal
Sogndal kommune
SOGNDAL