Company
Aukra kommuneApplication deadline
02.10.2023Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5359491Look here for other jobs from Aukra kommune
- Updated 16.09.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Aukra kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig stilling som sjukepleiar ved Aukra legekontor frå 01.11.23.
Aukra legekontor er kommunalt drive. Frå august 2023 har legekontoret tre fastlegar og 3,8 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell.
Kontoret betener ca. 2600 fastlegepasientar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er varierte; laboratoriearbeid, sårstell, assistera ved småkirurgi og andre prosedyrar.
Kontoret betener legevakt på kvardagar mellom kl.08 -16.00.
Vaksinasjonsarbeid, arbeid i resepsjonen, ta imot og triagere telefonhenvendingar/direkte henvendingar. Det er også merkantile arbeidsoppgåver.
Organisering av tenester ved legekontoret er i stadig endring slik at ein må vere førebudd på å måtta tileigne seg ny kompetanse for å komme i møte behovet til legekontoret.
Nærare informasjon får ein ved å kontakte kommuneoverlegen.
Krav til søkar
Du må ha godkjent utdanning og erfaring som sjukepleiar. Erfaring frå legekontor blir høgt verdsett.
Vi søkjer deg som arbeider strukturert under høgt tempo og press, er fleksibel, kommuniserer godt, og dessutan har evne til å arbeida tverrfagleg.
Du må ha god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy. Kurs/erfaring med akuttmedisin og valds- og overgrepshandtering er ein fordel.
Vi legg vekt på om du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå meir om KLP her: https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Sjå ein kort presentasjon av Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXjI
Company
Aukra kommuneApplication deadline
02.10.2023Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5359491Look here for other jobs from Aukra kommune
- Updated 16.09.2023