• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5174127
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
  • Oppdatert 04.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og søkjer nye utfordringar?

Me søkjer sjukepleiar til 70 % fast stilling frå snarast. Stillinga har turnus fordelt på dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.

  • Tolo omsorg har 32 leiligheiter og er lokalisert nær sentrum i Norheimsund
  • Målet vårt er å gje eit heilheitleg tilbod til bebuarane våre slik at dei opplever gode helse og omsorgstenester
  • Me har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida

Meir informasjon om omsorgsbustadane: Tolo omsorg


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg arbeid i avdelinga med bebuarane
  • Medisinsk oppfølging mot legetenesta og spesialisthelsetenesta o.l.
  • Tverrfagleg samarbeid med hjelpemiddellager, fysioterapi- og ergoterapitenesta
  • Dosering og administrering av medikament i dosett og multidose
  • Kommunikasjon og samarbeid med bebuarar og pårørande
  • Primæransvar for bebuarar


Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend sjukepleiar (norsk autorisasjon). Dersom det ikkje søkjer sjukepleiar vert det opna opp for at andre med 3-årig helsefagleg utdanning kan søkja
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

- Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.


Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Lika utfordringar i arbeidet
  • Interessa for arbeid med menneske med ulike utfordringar
  • Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner
  • Møta andre på ein respektfull og open måte
  • Du må arbeida sjølvstendig men og som del av arbeidsgruppa

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 25 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5174127
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
  • Oppdatert 04.05.2023