Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
02.01.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4009376Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 03.12.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge.
- 100% vikarstilling frå 03.01.22/etter avtale - 31.08.22.Oppgåvene er for tida knytt til arbeid ved avdeling Byrknes eller Dalsøyra, men det kan verte aktuelt med oppgåver andre stader i kommunen også.
- Inntil 100% vikarstilling frå 03.01.22/etter avtale - 31.01.23. Oppgåvene er for tida knytt til arbeid ved avdeling Dalsøyra, men det kan verte aktuelt med oppgåver andre deler av eininga ved behov.
Turnusarbeid, 3. kvar helg.
Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du er sjukepleiar og ynskjer å flytte til Gulen. Det kan vere aktuelt å gjere om eine stillinga til fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Stedfortredar for avdelingssjukepleiar
- Delta i dagleg drift
- Andre oppgåver som måtte komme til
Dersom helsefagarbeidar eller andre søkjer på stillinga, vil arbeidsoppgåvene verte noko endra jf. kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Andre kan også søkje.
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Løn etter tariff
- God barnehagedekning i kommunen
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
02.01.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4009376Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 03.12.2021