Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
31.08.2020Ansettelsesform
workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordningBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2960512Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 25.08.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Aukra kommune
Sjukepleiar i 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
100% vikariat for sjukepleiar med godkjend autorisasjon, eller 3 års student med forbehald om godkjent autorisasjon juni 2020. Vikariatet er i tidsrommet 01.08.2020 - 31.07.2021. Anna 3 årig høgskuleutdanning innan helsefag kan bli vurdert.
Pleie og omsorg består av:
Langtidsplassar
Korttids, avlastning og rehabiliteringsplassar
Heimesjukepleie og 20 omsorgsbustadar med heildøgns omsorg
Funksjon som legevaktsatelitt blir ein viktig del av jobben
Einingane heimetenesta og institusjon har eit tett samarbeid, og ein forventar at kompetanse kan nyttast på tvers av einingar. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel på dette.
Einingane har fokus på personorientert omsorg, og kvardagsmeistring for den einskilde. Bebuarane skal vere ein aktiv part så langt rå er, og sjølv få definere kva som er viktig i sin kvardag.
Pleie og omsorgstenesta skal vere med å utvikle tilbod om legevaktsatelitt, og sjukepleiar som blir tilsett er forventa å vere ein del av denne drifta. Vi legg til rette for spesifikk opplæring knytt til legevaktsatelitten.
Sjukepleiar vil ha eigen liste med oppgåver som krev sjukepleiekompetanse.
Moglegheiter for Kompetanseheving
Pleie og omsorg har i stor grad hatt tilbod om kompetanseheving internt i form av kurs; til dømes Velferdsteknologiens ABC som alle tilsette har gjennomførd i 2019.
Du vil få tilgang på e-læring gjennom KS og Veilederen.
Vi har ressurspersonar(superbrukarar) i velferdsteknologi. Ynskjer du å vere ein del av denne gruppa får du spesifikk opplæring knytt til all teknologi som er i bruk.
Arbeidstid/turnus
Vi ser på turnusar ilag med den tilsette og NSF, og du kan kome med ynskjer innafor gitte rammer. Vi har pr i dag fleire sjukepleiarar som ynskjer å gå alternative turnusordningar, eks med lange vaktar, meir intensive arbeidsperiodar og lengre friperiodar. Vi er opne for løysingar som gjer at du vil jobbe hos oss.
Krav til søkar
Fleksible og dyktige sjukepleiarar som vil være med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre innbyggjarar.
Fagpersonar som er med på utvikling og tilpassing av tenestetilbodet ut frå endringar i samfunnet
Fagpersonar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga
Fagpersonar som har sin arbeidsplass i heile pleie og omsorg, som har pasient og oppgåvefokus
Fagpersonar som tek god kommunikasjon og samhandling på alvor
Fagpersonar som er lojal til arbeidsplassen
God datakunnskap er ein føresetnad for god dokumentasjon i arbeidet som sjukepleiar
Du må kunne norsk skriftleg og munnleg
Personleg eigna for stilling
Aukra kommune tilbyr rekrutteringslønn
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
31.08.2020Ansettelsesform
workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordningBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2960512Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 25.08.2020