• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    06.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2960510
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 30.06.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Sjukepleiar, 100 % fast , Eining institusjonstenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100% fast stilling for sjukepleiar med godkjend autorisasjon, eller 3 års student med forbehald om godkjent autorisasjon juni 2020.

Pleie og omsorg består av:
Langtidsplassar
Korttids, avlastning og rehabiliteringsplassar
Heimesjukepleie og 20 omsorgsbustadar med heildøgns omsorg
Funksjon som legevaktsatelitt blir ein viktig del av jobben

Einingane heimetenesta og institusjon har eit tett samarbeid, og ein forventar at kompetanse kan nyttast på tvers av einingar. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel på dette.
Einingane har fokus på personorientert omsorg, og kvardagsmeistring for den einskilde. Bebuarane skal vere ein aktiv part så langt rå er, og sjølv få definere kva som er viktig i sin kvardag.
Pleie og omsorgstenesta skal vere med å utvikle tilbod om legevaktsatelitt, og sjukepleiar som blir tilsett er forventa å vere ein del av denne drifta. Vi legg til rette for spesifikk opplæring knytt til legevaktsatelitten.
Sjukepleiar vil ha eigen liste med oppgåver som krev sjukepleiekompetanse.

Moglegheiter for Kompetanseheving
Pleie og omsorg har i stor grad hatt tilbod om kompetanseheving internt i form av kurs; til dømes Velferdsteknologiens ABC som alle tilsette har gjennomførd i 2019.
Du vil få tilgang på e-læring gjennom KS og Veilederen.
Det gis og støtte til vidareutdanning som kommunen har behov for.
Vi har ressurspersonar(superbrukarar) i velferdsteknologi. Ynskjer du å vere ein del av denne gruppa får du spesifikk opplæring knytt til all teknologi som er i bruk.

Arbeidstid/turnus
Vi ser på turnusar ilag med den tilsette og NSF, og du kan kome med ynskjer innafor gitte rammer. Vi har pr i dag fleire sjukepleiarar som ynskjer å gå alternative turnusordningar, eks med lange vaktar, meir intensive arbeidsperiodar og lengre friperiodar. Vi er opne for løysingar som gjer at du vil jobbe hos oss.

Krav til søkar
Fleksible og dyktige sjukepleiarar som vil være med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre innbyggjarar.
Sjukepleiarar som er med på utvikling og tilpassing av tenestetilbodet ut frå endringar i samfunnet
Sjukepleiarar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga
Sjukepleiar som har sin arbeidsplass i heile pleie og omsorg, som har pasient og oppgåvefokus
Sjukepleiarar som tek god kommunikasjon og samhandling på alvor
Sjukepleiarar som er lojal til arbeidsplassen
God datakunnskap er ein føresetnad for god dokumentasjon i arbeidet som sjukepleiar 
Du må kunne norsk skriftleg og munnleg
Personleg eigna for stilling

Aukra kommune tilbyr rekrutteringslønn

Særskilte krav 
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    06.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2960510
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 30.06.2020