Detaljer

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    23.07.2020
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2996181
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune

Sjukepleiar, 100 % fast, Eining heimetenester

Ein av våre medarbeidarar i Eining Heimetenester skal gå av med pensjon, og vi søkjer derfor etter 100 % stilling som sjukepleiar. Det vil vere ein fordel å ha vidareutdanning i for eksempel avansert klinisk sjukepleie, kvardagsrehabilitering eller rus/psykiske helse. 

 Kompetanseheving
Pleie og omsorg har i stor grad tilbod om kompetanseheving i form av kurs
Du vil få tilgang på e-læring
Det kan òg gis støtte til vidareutdanning som kommunen har behov for  

 Arbeidstid/turnus
Turnusar utarbeidast i samarbeid med NSF og den tilsette, og du kan kome med ynskjer innafor gitte rammer. Det er moglegheit til å ønskje seg alternative turnusordningar, eksempelvis lange vakter, meir intensive arbeidsperiodar og lengre periodar med fri. Vi er opne for alternative løysingar som gjer at du vil arbeide hos oss.

 Krav til søkar
-Fleksibel og dyktig sjukepleiar som vil være med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre innbyggjarar
-Sjukepleiar som er med på utvikling og tilpassing av tenestetilbodet ut frå endringar i samfunnet
-Sjukepleiar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga 
-Sjukepleiar med pasient og oppgåvefokus, som har sin arbeidsplass i heile pleie og omsorg
-Sjukepleiarar som tek god kommunikasjon og samhandling på alvor 

 Vi oppmodar 3. års sjukepleiarstudentar til å søkje stillinga.

 Absolutte krav:
-Autorisasjon
-Personleg eigna
-God datakunnskap
-Beherske norsk språk skriftleg og munnleg 

 Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Rekrutteringsløn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

 Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

 Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

 Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"