• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    25.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6649992
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Sjøvakt 2:4 turnus 

Ferger

Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi matrosar som ønsker å vere med på den nye ordninga. 

Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.

Sambandet er ei viktig del av E39 og ei av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.

Oppstart er føresett i september, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.

Kvalifikasjoner:

  • Ferdigheitssertifikat matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
  • Ferdighetssertifikat IGF Grunnleggande
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Sjøvakt 2 veker på og 4 veker fri, 98 timars arbeidsveke. 
  • Ein bur ombord i arbeidsperioden
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
  • Treningsrom om bord i fartøyet
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
  • Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    25.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6649992
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA