• Bedrift
    Asplan Viak AS
  • Søknadsfrist
    14.05.2020
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2815421
  • Se her for andre jobber fra Asplan Viak AS
  • Oppdatert 18.03.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Asplan Viak AS

Sivilingeniør/Ingeniør

Vatn og miljø-avdelinga i Asplan Viak har 200 rådgjevarar, og er ein av dei leiande aktørane innan vatn- og avløpsfaget i landet. Vi jobbar tverrfagleg med mange spennande prosjekt i heile breidda innanfor vassforsyning, avløp, overvatn og vassmiljø.

Oppdragsmengda vår er aukande og vi har behov for å styrke vårt fagmiljø ved kontoret i Leikanger. Leikangerkontoret har 25 tilsette, der 10 medarbeidarar er i faggruppa Vatn og miljø. Vi jobbar med planlegging, prosjektering og byggjeleiing for ei rekkje varierte små og store oppdrag. Kontoret jobbar tett saman med dei øvrige kontora i landsdelen.

Vi søkjer deg som likar utfordringar og er fagleg dyktig.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil avhenge av kompetanse og interesser:

·     Overordna planlegging og detaljprosjektering av overvassløysingar og infrastruktur for vatn og avløp

·     Prosjektering av prosessanlegg for vatn- og avløpsrensing, slambehandling og avfallshandtering

·     Vassdrags- og vassmiljø

·     Forureiningsproblematikk

·     Utarbeide byggjeplanar for samferdselsprosjekt

·     3D-prosjektering / BIM

·     Utarbeide beskrivelsar og konkurransegrunnlag

·     Prosjekterings- og fagansvar i tverrfaglege prosjekt

·     Prosjektleiing av VA-prosjekt

·     Oppfølging på byggjeplass/byggjeleiing

·     Modellering av VA-nett og dimensjonering av VA-leidningar, systemanalysar, trykkstøt, fordrøyingstiltak

 

Kvalifikasjonar:

·     Ingeniør/sivilingeniør frå universitet/høgskule

·     Vi ynskjer deg med solid erfaring frå VA-faget og vassmiljø.

·     Vi ønskjer også deg som er nyutdanna med VA-teknisk utdanning

·     Erfaring frå rådgivar eller VA-etat i kommune er ønskjeleg

 

·     Erfaring i bruk av prosjekteringsverktøy (AutoCAD, NovaPoint, VARDAK, G-prog etc.) er ein fordel

·     Erfaring i bruk av modelleringsverktøy (EPA SWMM/ MIKE URBAN eller tilsvarande program) er ein fordel

·     Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg

 

Personlege eigenskapar:

·     Ansvarsfull og pliktoppfyllande

·     Engasjert

·     Initiativrik og løysingsorientert

 

Vi tilbyr:

·     Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag

·     Fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer

·     Konkurransedyktig lønn, gode pensjons- og forsikringsordningar

·     Arbeid i ein spennande region

·     Fleksibel arbeidstid, fem veker ferie i tillegg til fri kvardagane i påskeveka og romjula

·     Studieturar, fagsamlingar og ulike sosiale arrangement

 

Søknad med CV skal sendes via linken Send søknad. 

 

  • Bedrift
    Asplan Viak AS
  • Søknadsfrist
    14.05.2020
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2815421
  • Se her for andre jobber fra Asplan Viak AS
  • Oppdatert 18.03.2020