• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    24.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2963086
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 05.06.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjord1 ASA

SIKKERHEITSDIREKTØR

Ferger


Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennlege ferje- og hurtigbåttransport i marknaden.
 
Om du kan tenke deg ei sentral stilling i eit innovativt selskap med høge ambisjonar om å lukkast i det grøne skiftet, kan det vere deg vi søker til stillinga som sikkerheitsdirektør. 

Som sikkerheitsdirektør i Fjord1 er du øvste leiar av sikkerheitsabeidet i selskapet. Du skal leia sikkerheitsavdelinga med ansvar for å forvalte og utvikle sikkerheitssystemet, og sikre gode rutinar og ein kultur med fokus på sikkerheit på alle nivå i selskapet.

Som sikkerheitsdirektør i Fjord1 er du øvste leiar av sikkerheitsabeidet i selskapet. Du skal leie sikkerheitsavdelinga med ansvar for å forvalte og utvikle sikkerheitssystemet, og sikre gode rutinar og ein kultur med fokus på sikkerheit på alle nivå i selskapet.

 

Rolla som sikkerheitsdirektør er strategisk viktig for å førebygge, avdekke, utreie og handtere eventuelle hendingar. Vi jobbar hardt for å nå vår målsetnad om 0-hendingar og ynskjer ein sikkerheitsdirektør som har fokus på menneske og kulturbygging. Du skal vera ein rådgjevar, veiledar og sikre tilstrekkeleg kompetanse innan sikkerheitsfaget hos dei tilsette i selskapet. Vi ynskjer at du deltar i viktige fora/interesseorganisasjonar, og også representerer Fjord1 mot myndigheiter og media.

 

I stillinga som sikkerheitsdirektør har du det øvste ansvaret for sikkerheitsstyringssystemet i selskapet. Du skal bidra til at Fjord1, både no og i framtida, har eit godt designa og implementert rammeverk og rapporteringssystem knytt til sikkerheitsfaget. Vi har fleire spennande pågåande prosessar slik som til dømes implementering av nye, digitale løysingar.

 

Stillinga rapporterer til administrerande direktør og inngår i konsernleiinga. Sikkerheitsavdelinga består av 4 erfarne, dyktige og sjølvstendige tilsette innanfor fagområda nautikk, system- og revisjon.

 

Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning, og arbeidserfaring frå sikkerheitsarbeid i ein større organisasjon. Du må ha leiarerfaring, gjerne frå operativ drift. Det er ein fordel med erfaring frå maritim verksemd som til dømes rederi, verft, olje/gass, men ikkje eit absolutt krav.

 

Som person har du ein lidenskap for sikkerheitsfaget, og evnar å formidle engasjementet til menneska rundt deg. Du må vera tydeleg, men også folkeleg og ha gode kommunikasjonseigenskaper. Du er kommersiell, ambisiøs og sjølvstendig. Vi forventar også at du har god skriftleg og muntleg framstillingsevne både på norsk og engelsk.

 

Stillinga som sikkerheitsdirektør er sjølvstendig og utfordrande, og du vil ha store moglegheiter til å påverke innhaldet i stillinga. Du vil vera ein pådrivar til det grøne skiftet, og blir ein del av eit engasjert og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.

Vi kan tilby konkurransedyktige betingelsar og fleksible arbeidsordningar.

Kontorstad etter nærmare avtale.

 

Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hos Headvisor.

Kortfatta søknad med CV sender du snarast og seinast innan  24. juni 2020 via www.headvisor.no

Alle spørsmål til Headvisor vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    24.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2963086
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 05.06.2020